Marita Haugo Røkeberg

Marita Haugo Røkeberg

Fødd: 1982

Frå: Nesbyen, Buskerud

No: Journalist i Drammens Tidende

Marita Haugo Røkeberg var nynorskpraktikant på kull tre med nynorskpraktikantar, 2005/2006. Ho hadde ekstern praksis i NRK Buskerud, og heldt fram der som tilkallingsvikar/vikar ei tid etterpå. Ho er fast tilsett som journalist i Drammens Tidende, men der får ein ikkje skrive nynorsk.

Ho fekk smaken på journalistikk i Radio Nova, som student i Oslo. Der studerte Røkeberg sosiologi ved Universitetet og journalistikk ved Merkantilt Institutt. Før ho byrja som nynorskpraktikant hadde ho arbeidd som layoutmedarbeidar i Ukeavisen Ledelse, og med oppretting av manus i Genesis forlag. Ho hadde elles hatt praksis og vore frilansar i Hallingdølen og hatt sommarjobb i Sogn Avis.

Kull 3

Sølve Rydland (1984), frå Knarvik i Hordaland

Marita Haugo Røkeberg (1982), frå Nesbyen i Buskerud

Gisle Forland (1981), frå Mosjøen i Nordland

Karoline Kalstveit (1984), frå Skjold, Vindafjord i Rogaland

Håvard Hamnaberg (1978), frå Vågsvåg, Vågsøy i Sogn og Fjordane