Marte Halsør

Marte Halsør

Fødd: 1988

Frå: Halsør, Sogn og Fjordane

No: Journalist i NRK Nyhende, Marienlyst

Marte Halsør gjekk på kull 17, i 2012/13. Ho hadde ekstern praksis i NRK Dagsnytt og heldt fram der som vikar/tilkallingvikar. Fast tilsett i den fleirmediale redaksjonen i NRK Nyhende i desember 2015.

– Før eg begynte ved Nynorsk mediesenter studerte eg Internasjonal politikk i London. Dette var eit studie som famna breitt om politikk, utviklingstudie, internasjonalt organisasjonsarbeid og menneskerettar. I løpet av studie valde eg også å fordjupe meg i Latin-amerikansk politikk.

Eg har også ei mastergrad i Utviklingstudie og sosialantropologi frå Universitetet i Bergen. Som ein del av studie gjorde eg eit 4 månadar langt feltarbeid på Cuba, der eg såg på korleis turismen påverka dei sosialistiske ideane i det Cubanske samfunnet. Medan eg studerte var eg også stipendiat ved NorlarNet, Norwegian Latin American Research Network ved Universitetet i Oslo. Der hjelpte eg til med organisering av konferansar og seminar om tema knytt til Latin-Amerika, og eg skreiv ein artikkel basert på funna under feltarbeidet mitt.

Det var gjennom NRK Nynorsk mediesenter at dørene til journalistikken opna seg. Eg likar veldig godt å jobbe med riksnyheiter og synest det er kjekt med den store variasjonen av nyheiter eg får jobbe med.

Kull 17

Kjersti Hetland (1985), frå Bryne på Jæren

Marte Halsør (1988), frå Halsør, Vågsøy i Sogn og Fjordane

Tale Høyem (1990), frå Os i Hordaland

Jon Bolstad (1987), frå Sogndal, Sogn og Fjordane

Stine Kyrkjebø Johansen (1990), frå Kyrkjebø, Høyanger i Sogn og Fjordane