Marte Iren Noreng Trøen

Marte Iren Noreng Trøen

Fødd: 1990

Frå: Slidre i Valdres

No: Sommarvikar i NRK Sogn og Fjordane

Marte Iren Nordeng Trøen var nynorskpraktikant på kull 25, 2016/17. Ho hadde ekstern praksis i NRK Hedmark og Oppland, på Lillehammer, og vart tilkallingsvikar der etterpå. No har ho sommarjobb i NRK Sogn og Fjordane

Trøen er utdanna faglærar i drama, og har ei årseining i Litteratur, film og teater frå Universitetet i Agder. Ho har jobba som lærar i ungdomsskule og i kulturskule i Valdres. Ho skildarar seg sjølv slik:

– Eg er frå Slidre i vakre Valdres. Der vaks eg opp på eit lite småbruk. Allereie som barn var eg interessert i teater, film og radio og eg har alltid likt meg best når eg får vere kreativ. Etter vidaregåande skule gjekk eg eit år på Solbakken Folkehøgskule der eg verkeleg fekk utfalde meg innanfor teater. Denne interessa tok meg vidare til Kristiansand der eg vart verande i fire og eit halvt år. Cv-en min syner veldig mykje forskjellig. Eg har jobba blant anna som lærar, butikksjef og til og med budeie. Men uansett kva eg har drive med har eg heile vegen hatt ein draum om ein jobb innanfor media.