Martha Våge

Martha Våge

Fødd: 1989

Frå: Sandsøy, Møre og Romsdal

No: Tilkallingsvikar i NRK P2

Martha Våge var nynorskpraktikant på kull 24, våren 2016. Ho hadde ekstern praksis i redaksjonen for P3 morgen, og sommarjobb i Kulturhuset i NRK P2. Ho har vore i NRK P2 etterpå. Sommaren 2017 var ho vikar i programmet Studio 2 i NRK 2, som programleiar, no er ho tilkallingsvikar i P2.

Våge har lang røynsle frå frivillig radioproduksjon, både i Radio Revolt, studentradioen i Trondheim, og den tradisjonsrike RadiOrakel i Oslo. Ho gjekk foto/medie-lina på Nordmøre Folkehøgskule, og har sidan det jobba mykje med kultur generelt og musikk spesielt.

Martha Våge fortel dette om seg sjølv:

– Etter å ha vakse opp på ei forblåst øy med litt over to hundre innbyggjarar, flytte Våge til Ålesund i ein alder av 16 år. Der heldt ho ut eitt år, før det vart folkehøgskule i Surnadal på henne. Etter folkehøgskulen flytte ho til Trondheim der ho stortreivst i åtte år. I byrjinga studerte ho, men fann fort ut at det var i det frivillige arbeidet muligheitene låg. Ho var med i Radio Revolt som journalist og musikkredaktør, og var blant anna med på den store omlegginga og samanslåinga av studentmediane i Trondheim. Ho jobba også frivillig i Pstereofestivalen nokre år før ho vart tilsett som frivilligansvarleg for dei 800 frivillige. Parallelt med dette har ho blant anna vore dagleg leiar i Tempo, eit kompetansesenter for musikk i Trøndelag, ho har vore arrangementsansvarlig på Byscenen og ho har jobba ved FARK, Festival- og arrangementskontoret til Trondheim Kommune. Det siste året før ho flytta vidare jobba ho også som kulturarbeidar i ein ungdomsklubb, noko ho treivst overraskande godt med.

 

Kull 24

Solveig Svarstad (1989), frå Bremanger, Sogn og Fjordane

Martha Våge (1989), frå Sandsøy, Møre og Romsdal

Martin Torstveit (1992), frå Bø i Telemark

Aleksander Åsnes (1990), frå Førde, Sogn og Fjordane

May-Helen Rolfsnes (1993), frå Bømlo i Hordaland.