Martin Torstveit

Martin Torstveit

Fødd: 1992

Frå: Bø i Telemark

No: Journalist/fotograf i NRK Telemark

Martin Torstveit var nynorskpraktikant på kull 24, våren 2016. Han hadde ekstern praksis i NRK Telemark, fekk vikariat der etterpå og fast jobb rett før jul i 2016.

Før Torstveit vart nynorskpraktikant hadde han arbeidd på fleire filmprosjekt, hovudsakleg som fotograf og lysmeister. Han har også studert kunsthistorie, medievitenskap og norsk. Han oppsummerer seg sjølv slik:

– Eg er fødd og oppvaksen i felebygda Bø i Telemark. Eg var aktiv i kulturmiljøet som barn og dreiv mykje med revy og teater, før eg retta meg inn mot media og kommunikasjon på vidaregåande. Der var det mykje som falt i smak, men filmen og det levande bilete tok meg med storm. Den lidenskapen vart følgt opp med eit år på European Film College i Danmark, kor eg spissa inn kompetansen min mot fotografi og lys.

Da eg kom tilbake til fedrelandet året etter, sto etter kvart Trondheim for tur, kor eg i eit par år studerte og arbeidde med filmproduksjon, både frivillig og som betalt frilansar. Eg var blant anna fotograf på fleire ulike kortfilmprosjekt, og kameraassistent på spelefilmen «Kvinner i for store herreskjorter».

 

Kull 24

Solveig Svarstad (1989), frå Bremanger, Sogn og Fjordane

Martha Våge (1989), frå Sandsøy, Møre og Romsdal

Martin Torstveit (1992), frå Bø i Telemark

Aleksander Åsnes (1990), frå Førde, Sogn og Fjordane

May-Helen Rolfsnes (1993), frå Bømlo i Hordaland.