May-Helen Rolfsnes

May-Helen Rolfsnes

Fødd: 1993

Frå: Bømlo i Sunnhordland

No: Studerer nordisk ved UiB.

May-Helen Rolfsnes var nynorskpraktikant på kull 24, våren 2016. Ho hadde ekstern praksis i NRK Hordaland og var vikar der i eit år etterpå. No studerer ho nordisk ved Universitetet i Bergen.

Rolfsnes har journalistutdanning frå Universitetet i Stavanger, og har røynsle frå praksisjobb i Rogalands avis og vikarjobb i Stavanger Aftenblad. I tillegg var ho rettleiar for besøkande ungdomsskuleelevar i Aftenbladet.

May-Helen Rolfsnes skildrar seg sjølv slik:

– Eg er ein nyheitssvolten og ivrig journalist som elskar nye utfordringar og er nyfiken på det meste som skjer i samfunnet. Eg er glad i å setja i gong kreativiteten og utvikle idear. Å sjå arbeidet mitt bli til gjennomførte artiklar og reportasjar med kvalitet er noko eg får motivasjon frå. Kjensla av å sjå og/eller høyra noko eg sjølv har laga gir meg energi og enno meir arbeidslyst.

 

 

 

Kull 24

Solveig Svarstad (1989), frå Bremanger, Sogn og Fjordane

Martha Våge (1989), frå Sandsøy, Møre og Romsdal

Martin Torstveit (1992), frå Bø i Telemark

Aleksander Åsnes (1990), frå Førde, Sogn og Fjordane

May-Helen Rolfsnes (1993), frå Bømlo i Hordaland.