Olav Arne Nedrelid

Olav Arne Nedrelid

Fødd: 1978

Frå: Fjørtoft, Møre og Romsdal

No: Medielærar v.g.skule i Ålesund

Olav Arne Nedrelid var nynorskpraktikant på kull 8, i 2008. Han hadde ekstern praksis i NRK Møre og Romsdal og arbeidde der ei tid etterpå, før han fekk fast jobb som lærar i mediefag ved ein vidaregåande skule i Ålesund.

Nedrelid hadde lærarutdanning frå Høgskulen i Volda, med fordjuping i mediefag. Han hadde arbeidd som lærar både i grunnskulen og i den vidaregåande skulen før han vart nynorskpraktikant. Han hadde også mellomfag i norsk. Elles hadde han arbeidd som konsulent i Aetat og hjelpearbeidar ved Rolls-Royce Marine AS, i Brattvåg. I studietida hadde han arbeidd på gard, i fiskeoppdrett og fiskeforedling.

Kull 8

Eivor Brandseth (1985), frå Skogn i Nord-Trøndelag

Roger Sevrin Bruland (1977), frå Utvik, Sogn og Fjordane

Marit Holmquist Fenne (1980), frå Elnesvågen, Fræna, Møre og Romsdal

Olav Arne Nedrelid (1978), frå Fjørtoft, Møre og Romsdal

Elin Thingvoll Berge (1980), frå Vik, Sogn og Fjordane