Øystein Windstad

Øystein Windstad

Fødd: 1983

Frå: Aukra, Møre og Romsdal

No: Journalist i Fagbladet

Øystein Windstad gjekk på det fjerde kullet med nynorskpraktikantar, våren 2006. Han hadde ekstern praksis i NRK Møre og Romsdal og arbeidde der ei tid etterpå, før jobbar i NRK på Tyholt og i P4 og P5. No er han journalistvikar i Fagbladet, medlemsbladet til Fagforbundet. Frilansar for Dagbladet, NRK og Ny Tid.

Windstad har vore fast tilsett i P4 og P5, men slutta for å ta ein Master i dokumentar og journalistikk ved Høgskulen i Volda. Attåt studiane arbeidde han som tilkallingsvikar for NRK, for Kulturnytt og NRK Digital undersøkande redaksjon og Ny Tid.

9. mars 2016 var Windstad på ein reportasjetur til Tsjetjenia for tidskriftet Ny Tid. Han og reisefølgjet sat i ein minibuss då maskerte menn dukka opp i fleire bilar. Dei fem journalistene, frå blant andre frå Sveriges Radio, var på reportasjetur saman med russiske menneskerettsaktivistar og angrepet skjedde på grensa mellom dei russiske republikkane Ingusjetia og Tsjetsjenia. Journalistane var på veg til Tsjetsjenias hovudstad Groznyj der dei skulle møte offer for brot på menneskerettane og familiemedlemar til bortførte personar. Øystein Windstad vart skadde av slag og spark, men klarde å hoppe ut av eit vindauge i bilen.– Eg la på sprang bortover ei mark og gøymde meg i det høge graset. Sekund etter at eg kom ut av bussen, eksploderte den og stod i full fyr, fortalde Øystein Windstad.

 

Kull 4

Erlend Blaalid Oldeide (1984), frå Raudeberg i Sogn og Fjordane

Bergit Sønstebø Svendseid (1984), frå Drangedal i Telemark

Asgeir Reksnes (1979), frå Eid i Sogn og Fjordane

Ingrid Z. Aanestad (1983), frå Bryne i Rogaland

Øystein Windstad (1983), frå Aukra, Møre og Romsdal