Raymond Lidal

Raymond Lidal

Fødd: 1986

Frå: Bømlo, Hordaland

No: Frilansar i Stockholm

Raymond Lidal gjekk på kull 16 med nynorskpraktikantar, våren 2012. Han hadde praksis i utanriksavdelinga i NRK og fekk tilkalling der etterpå. Etter eit halvår reiste han attende til Jemen, der han hadde byrja studere arabisk før han vart nynorskpraktikant. Frå nyttår 2013 til mars 2015 var han student og frilansar for NRK og andre media i Jemen.

28. mars 2015 vart han arrestert i heimen sin i Sanaa i Jemen og sat 19 dagar i fengsel før han vart evakuert ut av landet. Han trur at styresmaktene i Jemen mistenkte han for å vere spion.

I januar 2015 fekk Raymond Lidal 100.000 kr frå Fritt ord for å skrive bok om Jemen, og det driv han på med no. Han er frilansjournalist og bur i Stockholm.

Kull 16

Raymond Lidal (1986), frå Bømlo, Hordaland

Katrine Nybø (1986), frå Ørsta, Møre og Romsdal

Hans-Olav Rise (1991), frå Ulsteinvik, Møre og Romsdal

Ingunn Rauk (1983), frå Grendi i Setesdal

Wilhelm Støylen (1980), frå Kvamsøy, Møre og Romsdal