Samina Bruket

Samina Bruket

Fødd: 1985

Frå: Bryne, Rogaland

No: Studerer praktisk pedagogikk

Samina Sofie Bruket var nynorskpraktikant på kull 9, 2008/09. Ho var den fyrste praktikanten vår med fleirkulturell bakgrunn, med far frå Pakistan og mor frå Stord. Samina hadde ekstern praksis i NRK Rogaland på nyåret 2009 og fekk fast jobb der om hausten.

Alt i november 2009 var ho programleiar i Norge Rundt, i NRK Rogaland sin turnus. Samina arbeidde som journalist i NRK Rogaland fram til ho sa opp jobben i 2015, for å studere praktisk pedagogikk ved Høgskulen Stord Haugesund.

Kull 9

Steinarr Sommerset (1983), frå Vanylven, Møre og Romsdal

Samina Bruket (1985), frå Bryne på Jæren

Ann-Iren Finstad (1980), frå Sandane, Sogn og Fjordane

Magnus Stokka (1985), frå Suldal i Rogaland

Erling Molt Korsnes (1984), frå Brattvåg, Møre og Romsdal