Signe Fuglesteg Luksengard

Signe Fuglesteg Luksengard

Fødd: 1990

Frå: Leveld, Ål kommune

No: Tilkallingsvikar i NRK Supernytt.

Signe Fuglesteg Luksengard var nynorskpraktikant på kull 22, våren 2015. Ho hadde ekstern praksis i NRK Supernytt, sommarjobb i Hallingdølen og etterpå har ho vore vikar i både Supernytt og BlimE-redaksjonen i NRK Super. Hausten 2017 er ho tilkallingsvikar i Supernytt.

Signe arbeider også med ei bok om heimbygda der ho fotograferer alle som bur der.

– Eg frå kjem Leveld, ei lita fjellbygd i Ål kommune – midt mellom Oslo og Bergen. Her har eg vokse opp i eit rikt kulturliv og dreve med det meste frå dans til skodespel og teikning. Kultur har alltid vore viktig for meg, og eg minnest godt alle laurdagsturar til kulturhuset for konsertar, utstillingar og teater – både i sal og på scene.

Etter eg flytta heimanfrå har eg for det meste fokuseret på fotografiet; fyrst gjennom to år på Lofoten Folkehøgskule (elev og stipendiat) før seinare toårig studie ved Norsk Fotofagskule i Trondheim.

Mellom dette har eg jobba som sommarvikar i Hallingdølen, lese fransk med kunsthistorie i Paris og assistert fotografar som Lars Botten, Alexander Neumann og Jock Sturges. Det siste halvåret av 2014 jobba eg som frilansfotograf i Trondheim.

 

Innlegg av Signe Fuglesteg Luksengard

Om Førde City, vindfulle vegar og ei tomatplante.

Eg var med andre ord ikkje veldig gira på å bu i denne mykje omtala byen, då eg sette meg i bilen på veg mot vest. Her forlèt eg det [...]
» Les meir

Kull 22

Olav Åsen Haugsgjerd (1988), frå Grendi i Setesdal

Signe Fuglesteg Luksengard (1990), frå Leveld, Ål i Hallingdal

Gunnhild Årdal (1987), frå Jølster/Florø, Sogn og Fjordane

Steinar Daltveit (1989), frå Osterøy i Hordaland

Bård Holmen Solvik (1985), frå Førde i Sogn og Fjordane