Sigrid Agnethe Hansen

Sigrid Agnethe Hansen

Fødd: 1989

Frå: Harstad i Sør-Troms

No: Journalist i NRK Troms

Sigrid Agnethe Hansen var nynorskpraktikant på kull 21, 2014/2015. Ho hadde ekstern praksis i NRK Troms, fekk vikariat der og vart fast tilsett i april 2016. Arbeider som reporter, nettjournalist og programleiar. Ho har foreldrepermisjon til mars 2018.

– Eg flytta frå Harstad i 2008 for å studere ved Universitetet i Oslo, kor eg tok ein bachelorgrad i litteraturvitskap og fransk. I bachelortida mi reiste eg på utveksling eit halvt år til den finaste byen i verda, betre kjent som Paris. Etter det flytta eg til Nordens Paris, Tromsø, for å studere samfunnsvitskap, og ende opp med ein mastergrad i samfunnsplanlegging og kulturforståing våren 2014.

Språk og skriving har vore viktig for meg så lenge eg kan hugse. Den beste dagen i veka da eg vaks opp, var laurdag, for da dro familien min og eg på utflukt til biblioteket. Kjærleiken til å lese og å skrive er difor veldig sterk, og det trur eg vil vere ein nyttig kjærleik å ha med seg i livet som journalist – og mest av alt blir det ei spennande utfordring å bruke nyhendespråk!

Utanom at eg har jobba eit halvt år som tilkallingsvikar i avisa iTromsø, har eg ikkje noko særleg journalistisk erfaring å skryte av, men eg har jobba i undertøysbutikk, på ein barneskule og som seminarledar på Universitetet i Tromsø. På fritida har eg spesielt vore aktiv i planlegginga og gjennomføringa av den samiske kulturfestivalen Márkomeannu. Frå tid til anna skriv eg litt om kjærleik, feminisme, litteratur og kvardagsliv i bloggen min.

 

Kull 21

Tor-Erik Humlen (1988), Frå Langevåg, Møre og Romsdal

Hibba Sarmadawy (1987), frå Libanon og Øystese i Hordaland

Elias Engevik (1995), frå Solund i Sogn og Fjordane.

Sigrid Agnethe Hansen (1989), Frå Harstad i Troms

Ine Eftestøl (1984), frå Bryne i Rogaland.