Sigrid Sørumgård Botheim

Sigrid Sørumgård Botheim

Fødd: 1985

Frå: Lesja, Oppland

No: Vikar i NRK Telemark

Sigrid Sørumgård Botheim var nynorskpraktikant på kull 26, våren 2017. Ho hadde ekstern praksis i Kulturnytt i NRK P2, og hadde sommarjobb og vikariat der ut oktober. No har ho eit års vikariat som journalist i NRK Telemark.

Botheim har ein bachelor i utøvande musikk frå NTNU, og snart ein master i nordisk frå UiO. Ho har arbeidd frilans med både speling og skriving. I 2009 debuterte ho skjønnlitterært med romanen Ramstein pensionat saman med systera Guri. Ho har og vore redaktør for antologien Søsken saman med Guri og søskenparet Ingrid og Kjersti Rognes Solbu. I tillegg har ho prøvd seg som vikarlærar på mellomsteget.

– Eg begynte å spela piano da eg var sju år, og musikkinteressa har fylgt meg gjennom heile oppveksten. Det var difor naturleg å søkje på musikkstudiar etter vidaregåande. Å arbeide med musikk kan nok på mange måtar samanliknast med å vera journalist. Ein må førebu seg godt, samtidig som ein alltid må improvisere og lytte til det som skjer rundt seg. Det kan vera mykje sjølvstendig arbeid og lange dagar åleine, men ein må like ofte tilpasse seg andre og samarbeide. Ein må alltid prestere, for det er svært synleg eller høyrbart om ein gjer noko feil. Rett før ein konsert eller eit oppdrag kan eg rive meg i håret og tenkje: «Kvifor utset eg meg sjølv for dette?»

Men når ein kjem ut på den andre sida får ein ofte løn for strevet. Å formidle noko til andre, anten det er musikk eller forteljingar, er viktig. For meg handlar journalistikk om menneske, anten det gjeld internasjonal politikk eller det heilt nære. Over alt finst det interessante historier, vi må berre finne fram til dei.

Oppveksten på Lesja trur eg har gjort meg til ein kreativ person. Det var ikkje enormt med fritidstilbod, og ville ein ha underhaldning måtte ein helst laga ho sjølv. Eg leikte ofte at eg dreiv med ulike yrke – postdame, NSB-tilsett, bibliotekar og sjølvsagt journalist var blant dei tinga eg prøvde meg som på jenterommet. Nå får eg høve til å gjera leiken til alvor.