Simon Solheim

Simon Solheim

Fødd: 1990

Frå: Florø, Sogn og Fjordane

No: Journalist i Dagsrevyen

Simon Solheim var nynorskpraktikant på kull 11, i 2009/10. Han hadde ekstern praksis i NRK Sogn og Fjordane og fekk vikariat der etterpå. Solheim vart fast tilsett i NRK si nyhendeavdeling i 2013, og har også arbeidd for Brennpunkt.

– Eg starta mi journalistkarriere i Firdaposten som 15-åring heime i Florø i 2005. Dekka fotballkampar, sprang etter brannbilar og skreiv om smått og stort frå lokalmiljøet. Dette vart inngangen i journalistbransjen for meg. Seinare vart det jobb i Firda ved sidan av livet på idrettslinja på Flora vidaregåande skule. I russetida søkte eg NRK Nynorsk mediesenter, eg kom inn og starta der hausten i 2009. Deretter blei det vikariat i NRK Sogn og Fjordane i om lag eitt og eit halvt år før turen gjekk vidare til militæret og Forsvarets mediesenter. Der arbeidde eg på «den andre sida», med kommunikasjon, og fekk vere med i mediehandteringa av fleire store hendingar. Mellom anna Hercules-ulukka der fem norske offiserar mista livet. Har etter dette arbeidd som programleiar i NRK Dagsnytt og reporter i NRK Dagsrevyen. Er i dag fast tilsett som journalist i innanriksredaksjonen i Dagsrevyen, og får der jobbe med dei største nasjonale sakene. Er også tidvis vaktsjef på Nyheitssenteret til NRK, der eg har redaksjonelt ansvar og arbeidsleiaransvar for dei som er på mitt skift. Har studert fotojournalistikk på Høgskulen i Oslo og Akershus, teke enkeltemner på Forsvarets Høgskule i førstegongstenesta, og eit årsstudium i krisehandtering på Høgskulen i Hedmark.

Kull 11

Mathias Oppedal (1985), frå Nærbø, Rogaland

Simon Solheim (1990), frå Florø, Sogn og Fjordane

Sara Myhren Kornberg (1987), frå Volda, Møre og Romsdal

Aleksander Vallestad (1983), frå Stord, Hordaland

Bjørn Ivar Voll (1985), frå Nedstrand i Rogaland