Siri Kleiven Strøm

Siri Kleiven Strøm

Fødd: 1987

Frå: Årdal, Sogn og Fjordane.

No: Nyhendeanker i TV 2

Siri Kleiven Strøm gjekk på det tiande kullet med nynorskpraktikantar, våren 2009. Ho hadde ekstern praksis i NRK Hordaland, og var innom NRK Sogn og Fjordane ei tid før ho vart fast tilsett i NRK Hordaland. Der var ho reporter og programleiar for Vestlandsrevyen og Norge i dag. Frå nyttår 2015 har ho vore fast tilsett som nyhendeanker/reporter i TV 2 Nyhetskanalen, og frå hausten 2016 nyhendeanker i hovudsendinga til TV 2.

– Eg byrja på universitetet i den same tåka av uvisse som nok alle som vel samfunnsvitskapleg retning gjer. Håpar det blir noko av meg. Eg har vel alltid visst at eg er over gjennomsnittet interessert å nyhende, men at eg skulle bruke det til noko vart ikkje verkeleg før Nynorsk Mediesenter var eit alternativ. Eg søkte. Kom ikkje inn. Søkte ein gang til. Heldigvis.

No har eg vore over fem år i NRK. Litt fram og tilbake mellom Hordaland og Sogn og Fjordane, men landa i Bergen til slutt. Jobbar hovudsakleg som reporter og som regel for TV, men også med radio og som programleiar for Vestlandsrevyen og Norge i dag.

Eg hadde fullført bachelorgraden i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, då eg fekk tilbod om fast jobb i NRK Hordaland. Eg kan vel med ganske god dekning seie at det var Nynorsk Mediesenter som gjorde noko av meg. I alle fall dytta meg i riktig retning.  Den praktiske opplæringa ga meg knaggar og henge interessene mine på. Både for nyhende, for formidling og for språk.

 

 

Kull 10

Ingvild Ryssdal (1983), frå Sandane, Sogn og Fjordane

Malin Olivia Dahlberg (1982), frå Valldal på Sunnmøre

Anna Gytri (1984), frå Førde, Sogn og Fjordane

Siri Kleiven Strøm (1987), frå Årdal, Sogn og Fjordane

Ingunn Thon (1986), frå Ål i Buskerud