Snorre Sandemose

Snorre Sandemose

Fødd: 1983

Frå: Gulen, Sogn og Fjordane

No: Reiseleiar i Europa, Russland og Kina.

Snorre Sandemose er nynorskpraktikant på kull 26, våren 2017. Han har ekstern praksis i NRK Sogn og Fjordane. Sandemose har gått på verdsgymnas i Swaziland, teke ein bachelor i russisk ved universiteta i Bergen, Havanna og St. Petersburg. Han har også ein bachelor i historie og spansk frå Universitetet i Oslo. Sandemose har vore reiseleiar i ni år, i Europa, Russland og Kina, og held fram med det.

Snorre Sandemose er ein fantastisk forteljar, og slik skildrar han livsløpet sitt sjølv:

– Eg er oppvaksen i Gulen, i havgapet, just der som den mektige Sognefjorden byrjar. Eg tok skulebussen til Eivindvik barne- og ungdomsskule i ni år. Siste skuledagen, under skåpopprydding i klasseromet, fann eg eit gamalt flygeblad om Norsk Målungdom. Eg sende det inn og vart medlem, og for eit bel var eg i landsstyret og skipa også eit nytt lokallag for organisasjonen.

Den vidaregåande skuleopplæringa mi gjekk via Dale i Sunnfjord VGS., og so til kongedømet Swaziland, på Waterford Kamhlaba UWC. Deretter gjekk eg på ein Bachelorgrad i russisk på UiB, og eg kjende ei utferdslyst til den store verda, nesten som Peer Gynt. Eg fór fyrst eit år på utveksling til universitet i Havanna, og ved slutten av bacheloren min fekk eg også gått eit år på det statlege universitetet i St. Petersburg.

Dinest byrja eg dei neste ni åra å arbeide som guide og reiseleiar i St. Petersburg og mange andre spanande og fagre stader i utlandet. Innimellom alt reiselivet gjekk eg også halvtanna år på Ingesunds Folkhögskola i Värmland, samt at eg etter kvart tok ein ganske fyldig bachelorgrad til, på universitetet i Oslo. Denne gongen var det historie eg studerte, med spansk og ei rad «frie studiepoeng» som støtte.

Eg har også sett pris på å leggje ut på reiser på eiga hand, den mest eineståande reisa mi var ei tog- og bussreise gjennom silkevegen; gjennom mest heile Usbekistan og so til Almaty og dinest til Urumqi i uigurane sitt rike i Kina. Då silkeferda mi var ved vegs ende i Shanghai vart eg helst velkomen av ein grøn papegøye med kloke og kvikke augo. Han sa til meg «Snorre, huein guarlain». Han sa, «velkomen, Snorre» til meg på shanghainesisk, og han er kanskje den fuglen som nokon gong har sjarmert meg mest.