Sølve Rydland

Sølve Rydland

Fødd: 1984

Frå: Knarvik, Hordaland

No: Digital historeiforteljar i NRK Hordaland

Sølve Rydland gjekk på det tredje kullet med nynorskpraktikantar, 2005/06. Han hadde ekstern praksis i NRK Dagsnytt, var tilkallingsvikar i NRK Hordaland medan han studerte og fekk fast jobb i 2010. Rydland har hatt allsidige oppgåver som journalist, med politikk og sport som ein litt sjeldan kombinasjon av fagfelt. Han har óg vore kommentator, vaktsjef og reportasjeleiar i NRK Hordaland. Frå februar 2017 er han tilsett i ei ny stilling som digital historieforteljar der han skal arbeide med dokumentar- og faktaprosjekt. Publiseringa skal først og fremst vere tekst, bilete, lyd og video på nett, men prosjekta kan óg enda opp som podcast, i radio eller fjernsyn.

– Sidan eg gjekk ut av Nynorsk mediesenter i mars 2006 har eg jobba ved NRK Hordaland sin redaksjon i Bergen. Lenge jobba eg hovudsakleg som politisk journalist, med særleg vekt på bystyret i Bergen, fylkestinget i Hordaland og hordlandsbenken på Stortinget. I tillegg dekka eg Sporstklubben Brann sine heimekampar. Dei første åra etter at eg gjekk ut av Nynorsk mediesenter kombinerte eg jobben ved NRK Hordaland med studier i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. Saman med opplæringa ved Nynorsk mediesenter har politikkutdanninga ved universitetet gitt meg gode førestnader for å kombinera interessene for politikk og journalistikk.

Kull 3

Sølve Rydland (1984), frå Knarvik i Hordaland

Marita Haugo Røkeberg (1982), frå Nesbyen i Buskerud

Gisle Forland (1981), frå Mosjøen i Nordland

Karoline Kalstveit (1984), frå Skjold, Vindafjord i Rogaland

Håvard Hamnaberg (1978), frå Vågsvåg, Vågsøy i Sogn og Fjordane