Solveig Hareide

Solveig Hareide

Fødd: 1983

Frå: Florø, Sogn og Fjordane

No: Programleiar vitskapsprogram i NRK 1

Solveig Hareide var nynorskpraktikant på kull 2, våren 2005. Ho hadde ekstern praksis i NRK P3 og har arbeidd i NRK etterpå, som programleiar i alt frå Newton, BarneTV, til Kosinus og Schrødingers katt. Hareide arbeider med vitskapsprogram i NRK på Tyholt.

Utdanning/bakgrunn: Romerike Folkehøgskule og bachelor i Medieproduksjon ved NTNU. Og Nynorsk mediesenter, sjølvsagt!

Jobb: Eg har jobba i NRK heilt sidan Nynorsk mediesenter. Hadde praksis i NRK P3 i Trondheim, og fekk vikariat i  Påskemorgon etterpå. Barne-TV var så kjekt at eg jobba med det i mange år, både Sommarmorgon, Barne-TV, Stå Opp, Newton, Energikampen, og Kosinus. Kosinus utvikla vi sjølv etter bestilling frå NRK Super, og oppgåva var å lage eit matteprogram for dei minste. Så var eg med og utvikla eit program om hjernen, i den nye sjangeren viten-reality. Så var eg programleiar i Schrødingers katt, som vart lagt ned i september 2016. Akkurat no held eg på med ein TV-serie som skal gå på NRK1 frå februar av (5 episodar). Den heiter «Evig ung» og handlar om kordan vi menneske kan leve godt og lenge. Vi har reist verda rundt og snakka med forskarar og optimistar som meiner at aldring kan kurerast om ikkje lenge.

Kull 2

Eli Fossdal Vaage (1984), frå Lindås i Hordaland

Ingebjørg Bø (1977), frå Bø i Telemark

Birte Njøsen Horne (1984), frå Florø, Sogn og Fjordane

Solveig Hareide (1983), frå Florø, Sogn og Fjordane

Janne-Marit Myklebust Falch (1981), frå Ørsta, Møre og Romsdal