Solveig Svarstad

Solveig Svarstad

Fødd: 1989

Frå: Bremanger i Sogn og Fjordane

No: Journalist i NRK Sogn og Fjordane

Solveig Svarstad var nynorskpraktikant på kull 24, våren 2016. Ho hadde praksis i NRK Sogn og Fjordane, fekk vikariat der etterpå og vart fast tilsett våren 2017.

Svarstad har mastergrad i medievitenskap frå Universitetet i Bergen. Ho skreiv masteroppgåve om samanslåinga av Edda Media og A-pressen til Amedia. Ho fortel dette om seg sjølv:

– Stolt og nyskjerrig sunnfjording oppvaksen på øya Bremanger.Der finn du verdas vakraste strender og ein av landets kraftigaste rulle-r.

Heime var det lokalaviser på middagsbordet og ein radio som alltid var på. Dette var med på å vekke ei nysgjerrigheit og eit samfunnsengasjement, som skulle føre meg vidare til ein bachelor- og mastergrad i medievitenskap ved Universitetet i Bergen. For ein ivrig mediebrukar var dette draumestudiet. I studietida fekk eg ei praktisk tilnærming til formidling gjennom praksis i kommunikasjonsavdelinga til TV 2 og frå verv i ulike studentorganisasjonar.

 

Kull 24

Solveig Svarstad (1989), frå Bremanger, Sogn og Fjordane

Martha Våge (1989), frå Sandsøy, Møre og Romsdal

Martin Torstveit (1992), frå Bø i Telemark

Aleksander Åsnes (1990), frå Førde, Sogn og Fjordane

May-Helen Rolfsnes (1993), frå Bømlo i Hordaland.