Steinarr Sommerset

Steinarr Sommerset

Fødd: 1983

Frå: Vanylven, Møre og Romsdal

No: Frilans omsetjar

Steinarr Sommerset var nynorskpraktikant på kull ni, 2008/09. Han hadde praksis i Kulturnytt og arbeidde både er og i andre NRK-redaksjonar etterpå. Men han fylgde draumen om å flytte til England og dreiv som omsetjar der i fleire år. Kom heim att og var vikar som kommunikasjonsrådgjevar hjå Forbrukarombodet. No er han frilans omsetjar, og det går mykje i engelsk og nynorsk!

Han kjem frå Fiskå på Sunnmøre og har kreativ bakgrunn som musikar og skribent. Før han vart praktikant ved NRK Nynorsk Mediesenter, studerte han til bachelorgrad i musikkteknologi og medieproduksjon ved NTNU i Trondheim. Her var han også aktiv i studentlivet som mellom anna avisjournalist og komponist.

Etter mangslungen intern praksis i NRK Sogn og Fjordane, der han fekk prøvd seg som både videojournalist og helikopterfotograf, hadde han ekstern praksis i NRK Kulturnytt. Han heldt fram her i vikariat som radio-, TV- og nettjournalist. Han arbeidde også som nettjournalist i NRK for TV-aksjonen, Puls og Forbrukerinspektørene.

Men etter kvart kalla barndomsdraumen, og Steinarr flytta til England for nye eventyr. Her jobba han med dataspel i Cambridge i eitt år, før han flytta til London og arbeidde med fagomsetjing i tre år, både som prosjektleiar i byrå og som sjølvstendig næringsdrivande.

 

Kull 9

Steinarr Sommerset (1983), frå Vanylven, Møre og Romsdal

Samina Bruket (1985), frå Bryne på Jæren

Ann-Iren Finstad (1980), frå Sandane, Sogn og Fjordane

Magnus Stokka (1985), frå Suldal i Rogaland

Erling Molt Korsnes (1984), frå Brattvåg, Møre og Romsdal