Susanne Egset

Susanne Egset

Fødd: 1989

Frå: Ørsta, Møre og Romsdal

No: Innhaldsrådgjevar i Netlife Research

Susanne Egset var nynorskpraktikant på kull 15, 2011/12. Ho arbeidde eit par år i nyhendeavdelinga i NRK på Marienlyst. Etter det har ho vore informasjonskonsulent på Gardermoen, og tekstforfattar i Gambit. Frå april 2017 er Egset fast tilsett som innhaldsrådgjevar i det digitale designbyrået Netlife Research.  

Slik oppsummerer ho tida før ho vart nynorskpraktikant i 2011:

– Eg har bachelorgrad i PR, kommunikasjon og media frå Høgskulen i Volda, og har jobba som informasjonsrådgjevar i FN-sambandet i samband med studiet. Har lang erfaring som frilansjournalist i lokalaviser. Mangeårig nettredaktør og rettleiar i UKM Norge sin nettredaksjon.

Kull 15

Sondre Dalaker (1992), frå Kaupanger, Sogn og Fjordane

Maria Pile Svåsand (1986), frå Strandebarm i Hordaland

Susanne Egset (1989), frå Ørsta, Møre og Romsdal

Agnese Bremere (1988), frå Latvia og Luster i Sogn

Lars Erik Andreassen (1991), frå Sandnes i Rogaland