Svein Ove Hansli

Svein Ove Hansli

Fødd: 1976

Frå: Vinje i Telemark

No: Nyhenderedaktør i Nationen.

Svein Ove Hansli gjekk på det fyrste kullet med nynorskpraktikantar, 2004/05. Han er nyhenderedaktør i Nationen frå hausten 2017. Frå 2014 til 2017 var Hansli redaksjonssjef for Økopol i NRK Nyhende, avdelinga som arbeider med økonomi og politikk i Dagsnytt, Dagsrevyen og debattprogram som Aktuelt i NRK2 og Debatten i NRK1.

Hansli er Cand.mag med hovudvekt på historie, frå Universitetet i Bergen. Han hadde arbeidd i ski- og snøbrettmagasinet Fri Flyt, før han vart nynorskpraktikant i Nynorsk mediesenter i 2004. Som nynorskpraktikant hadde han ekstern praksis i Dagsnytt våren 2005 og arbeidde eit halvår i NRK Sogn og Fjordane etter avslutta opplæring. Etter det var han tilkallingsvikar i Dagsnytt, og seinare i Dagsrevyen, der han fekk fast jobb som reporter. Hansli var vaktsjef i Dagsrevyen i fem år før han vart redaksjonssjef i 2014.

 

Kull 1

Eli Bjelland (1981), frå Stord i Hordaland

Knut Åge Teigen (1970), frå Årdal, Sogn og Fjordane

Svein Ove Hansli (1976), frå Vinje i Telemark

Maria Rivedal (1981), frå Naustdal i Sunnfjord/Oslo

Inger Johanne Sæterbakk (1981), frå Bodø, Nordland