Synne Ulltang

Synne Ulltang

Fødd: 1989

Frå: Os, Hordaland

Synne Ulltang er nynorskpraktikant på kull 27, frå august 2017 til mars 2018. No har ho praksis i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane, der ho driv med journalistikk på alle plattformer. Frå 3. januar til og med 28. februar 2018 skal Ulltang ha ekstern praksis i programmet Ekko i NRK P2.

Ulltang har master i engelskspråkleg litteratur frå Universitetet i Bergen. Det fyrste året av bachelorgraden reiste ho til University of British Columbia, i Vancouver, der ho tok fag som nyare russisk litteratur, antropologi, kunst- og religionshistorie. Vidare studerte ho engelsk litteratur ved Universitetet i Oslo og var ein svipptur innom lærarutdanninga ved Universitetet i Stavanger. Før ho kom til Førde arbeidde ho som lærar på ein skule i Finnmark.

Ho seier dette om seg sjølv:

– Eg har alltid vore nysgjerrig, og eg elskar å lære nye ting. Det som driv meg er jakta på den gode historia, og eg ønskjer å dele den gode historia med flest mogleg. Difor er praktikantordninga midt i blinken for meg!