Tale Hauso

Tale Hauso

Fødd: 1991

Frå: Odda, Hordaland

No: Journalist i NRK Hordaland.

Tale Hauso gjekk på kull 19 med nynorskpraktikantar, 2013/14. Ho hadde ekstern praksis i NRK Hordaland og heldt fram der som vikar etterpå, mellom anna som journalist ved lokalkontoret på Stord. Fast tilsett som journalist ved lokalkontoret i Odda i juni 2015.

Tale Hauso fortel dette om seg sjølv :

– Våren 2013 vart eg ferdig med bachelor i Samanlikande politikk ved Universitet i Bergen. Hausten 2012 fekk eg praksisplass hos Fiskeriforum Vest. Den vart utvida til fast deltidsstilling som prosjektkoordinator. Eg var med på å arrangera Sjømatkonferansen 2012 og var prosjektleiar for ”Vestlandets fellesstand” på messa Aqua Nor 2013.

Sumrane frå 2008 til 2012 arbeidde eg som guide på Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum. Her har eg formidla kunnskap om kraftverk og historia om kraftkrevjande industri på både nynorsk/dialekt (Oddisk), engelsk og tysk. Eg er i overkant glad i å prata med folk! 

 

Kull 19

Tale Hauso (1991), frå Odda i Hordaland

Britt Kristin Ese (1985), frå Jostedalen i Sogn

Eirik Hildal (1985), frå Stord i Sunnhordland

Lars Ivar Nordal (1986), frå Volda på Sunnmøre

Idun Fivelstad (1987), frå Rindal på Nordmøre