Thomas Brakstad

Thomas Brakstad

Fødd: 1989

Frå: Meland, Hordaland.

No: Vikar i NRK Sogn og Fjordane

Thomas Brakstad var nynorskpraktikant på kull 23, 2015/2016. Han hadde praksis i NRK Sporten og heldt fram der som vikar/tilkallingsvikar ut året. Frå nyttår 2017 er han vikar i NRK Sogn og Fjordane.

– Journalistikk og formidling av folk sine historier har alltid interessert meg. Derfor byrja eg som frilansar i lokalavisa Strilen allereie som 16-åring. Sport er ein stor lidenskap for meg og eg har vore innom sportsredaksjonane til BT, BA og VG Nett som frilansar.

Etter fleire år som frilansar følte eg for å prøva noko nytt og valde å ta ei bachelor i journalistikk ved Queensland University of Technology, Brisbane, Australia. Det var der eg fekk prøva meg som reportar på TV og radio for første gang. Det gav meirsmak. Ved NRK Nynorsk mediesenter lærde eg meir om nett, radio og TV – både framfor og bak kamera. Eg vart ein meir allsidig journalist i ei tid når media er i stadig utvikling.

Mitt motto er at alle har ei historie det er verdt å fortelja – det gjeldt berre å finna den. Eg er stor fan av den varierte kvardagen livet som journalist har å by på. Ein dag kan ein vera på fotballkamp og laga sak, medan ein dagen etter kan laga reportasje om ein musikkfestival eller den nye vegen som nettopp har blitt godkjent av kommunen.

Eg har alltid vore nysgjerrig, og utanom jobb er eg interessert i sport, skogar i tur og mark, TV-seriar og reising til nye land og kulturar.

Kull 23

Line Omland Eilevstjønn (1993), frå Åmot, Vinje i Telemark

Kjersti Anderdal Bakken (1990), frå Gol i Hallingdal

Even Lusæter (1979), frå Heidal/ Vågå, Oppland

Elise Sundfør Erdal (1986), frå Tysvær i Rogaland

Thomas Brakstad (1989), frå Meland i Hordaland