Tor-Erik Humlen

Tor-Erik Humlen

Fødd: 1988

Frå: Langevåg, Møre og Romsdal

No: Vikar i Senkveld i TV 2

Tor-Erik Humlen var nynorskpraktikant på kull 21, 2014/2015. Han hadde ekstern praksis i NRK P3 i Oslo, og vart vikar i P3 Morgen etterpå, som tilretteleggar for sendingane. No er han tilretteleggar for Senkveld i TV 2.

– I Senkveld-redaksjonen har eg ansvar for å skrive manus for intervju med gjestar innan humor og musikk. Det er oppgåva mi å prøve å få tak i det  dei mest aktuelle gjestane, før dei kjem hjå konkorrenten.

– Eg er fødd og oppvaksen i Langevåg, som er ei bygd rett utanfor Ålesund kommune. Her er det naturleg å velje nynorsk som hovudmål, og eg er glad for å få ta med meg språket vidare.

Tidlegare har eg fått prøve meg litt som student ved Universitetet i Bergen. Her har eg byrja på ei lektorutdanning i nordisk språk og litteratur, som eg gjerne vil fullføre når eg ein gong får tid.

Eg har henta mykje praktisk erfaring frå arbeid hos mellom anna TV 2 Sumo, Skandiabanken og Høgskulen i Ålesund. All arbeidserfaring kjem godt med i journalistjobben. Spesielt hos Nynorsk mediesenter, der vi skal lære journalistikkfaget ved å bruke «lære-med-å-gjere-det-metoden».

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kull 21

Tor-Erik Humlen (1988), Frå Langevåg, Møre og Romsdal

Hibba Sarmadawy (1987), frå Libanon og Øystese i Hordaland

Elias Engevik (1995), frå Solund i Sogn og Fjordane.

Sigrid Agnethe Hansen (1989), Frå Harstad i Troms

Ine Eftestøl (1984), frå Bryne i Rogaland.