Vegard Tjørhom

Vegard Tjørhom

Fødd: 1987

Frå: Sirdal i Vest-Agder

No: Kommunikasjonsrådgjevar i Kirkens Nødhjelp

Vegard Tjørhom var nynorskpraktikant på kull 18, våren 2013. Han hadde ekstern praksis i NRK Utanriks og var tilkallingsvikar der ut året. Frå januar til juni 2014 var han praktikant i FN. Etter at han kom att frå USA var Tjørhom vikar/tilkallingsvikar i utanriksavdelinga i NRK, og arbeidd også elles i nyhendeavdelinga for nett, radio og fjernsyn. No er han kommunikasjonsrådgjevar i Kirkens Nødhjelp.

Før Vegard Tjørhom byrja på NRK Nynorsk mediesenter hadde han studert statsvitskap og fransk ved Universitetet i Oslo, og vore sommarvikar i Stavanger Aftenblad, Vårt Land og Dalane Tidende.

Han hadde studert Afrikanske og asiatiske studiar ved Universitetet i Oslo og Tverrkulturell kommunikasjon ved Hald Internasjonale Senter (Mandal). Han hadde vore eittåring i Mali, for Det Norske Misjonsselskap. Då arbeidde han i landsbyen Douentza nord i Mali, mellom anna i ein barnehage for norske ungar og med dataundervising for malisk ungdom.

Som praktikant i FN fyrste halvår 2014 skreiv han mellom anna referat frå møta i Tryggingsrådet og generalforsamlinga, og førebudde møte og besøk for politikarar som kom til FN. Vegard Tjørhom var aktiv i Senterungdommen og leiar i Strømmestiftelsen sin ungdomsorganisasjon, RE:ACT då han byrja som nynorskpraktikant i 2013.

 

Kull 18

Hanne Våge (1992), frå Stord, Hordaland

Adalheidur Oldeide (1988), frå Holvik, Vågsøy kommune, Sogn og Fjordane.

Vegard Tjørhom (1987), frå Sirdal i Vest-Agder

Trond Espen Bjoland (1993), frå Ågotnes, Hordaland

Inger Johanne Ruset (1985), frå Lingegrend, Møre og Romsdal