Wibeke Bruland

Wibeke Bruland

Fødd: 1984

Frå: Utvik, Sogn og Fjordane

No: Vikar i NRK Finnmark.

Wibeke Bruland var nynorskpraktikant på kull 26, våren 2017. Ho hadde ekstern praksis i NRK Finnmark og har fått eit årsvikariat der frå hausten 2017. Ho hadde sommarjobb i NRK Sogn og Fjordane. Bruland har teke forfattarstudium, både ved Universitetet i Tromsø og ved Høgskulen i Telemark. Ho har også studert spansk og filosofi ved Gateway College på Cuba, og kunst, media og kommunikasjon ved NTNU i Trondheim.

Vi er alle historieforteljarar og historiene du fortel er med å sumere opp kven du er. Mest av alt forteljingane du fortel deg sjølv kvar dag. Eg begynte å skriv mine ned ganske tideleg. Gjekk eg meg vekk i ord kunne eg starte på nytt. Eg skreiv fordi det var noko som fall meg naturleg. Det har vore eit fotfeste uansett kvar eg har vore i verda. Etter kvart fekk formidling ei naturleg og sentral rolle.

Eg vert ofte stempla som eventyrar, og må vel seie meg einig i det. Eg har ein variert arbeidsbakgrunn frå inn- og utland.  Rett før eg byrja på Nynorsk mediesenter var eg hundekøyrar i Kirkenes ein periode. Før dette arbeidde eg som fjellturguide på Tenerife og deltok i internasjonale kunstprosjekt på Island. Eg har også vore deltakar på Latin-Amerikagruppene i Norge (LAG) sin solidaritetsbrigade til Bolivia og er svært oppteken av natur, miljø og menneskerettar. For meg er det viktig å ta vare på det som er særeigent, både ved seg sjølv og andre.