26. juni 2017

Prisutdeling fredag

Fredag 30. juni, kl. 11.30, vert Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar delt ut i Aasentunet i Ørsta. I programmet for Dei nynorske festepela heiter tilskipinga Medietimen og varer i tre kvarter. Prisvinnarar i år er journalistane Guri Kulås og Jens Kihl, begge i Klassekampen.

Denne pristildelinga er den siste for noverande jury, og det er redaktør og jurymedlem Svend Arne Vee som skal overrekkje prisen. Sidan det er ein delt pris får prisvinnarane 25. 000 kroner kvar og eit trykk av kunstnaren Oddvar Torsheim. Med prisen fylgjer det òg diplom, både til prisvinnarane og til skryteveggen i avisa.

Prisutdelinga opnar med song av Tom Roger Aadland, som har omsett Dyland til nynorsk. Vee overrekkjer prisen og prisvinnarane takkar. Deretter vert det ein samtale mellom dei tre, med Vee som ordstyrar.

Det er gratis å gå på Medietimen som vert arrangert av NRK Nynorsk mediesenter, fordi vi er sekretariat for denne prisen.

Kva Kulås og Kihl seier om å få prisen kan du lese meir om her

Og heile grunngjevinga her