30. juni 2017

Prisvinnar med spark til journalistlaget 

Jens Kihl retta skarp kritikk mot si eiga fagforeining då han og kollega Guri Kulås mottok kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar.

-Norsk Journalistlag er diverre ikkje særleg oppteken av vilkåra for nynorskjournalistane. Det er framleis sånn at det beste språket har dei dårlegaste vilkåra, utan at det plagar NJ noko særleg,  sa Kihl i takketalen.

Takka mållaget for støtte

Den politiske journalisten mottak fredag nynorskprisen for journalistar saman med filmkritikaren og kulturjournalisten Guri Kulås. Jurymedlem Svend Arne Vee gav dei kvart sitt Oddvar Torsheim-trykk og diplom. I tillegg fekk prisvinnarane 25.000 kroner kvar.

Begge nytta i takketalane høvet til å takke Klassekampen og redaktør Bjørgulv Braanen for at dei får lov å drive journalistikken sin på nynorsk.

Samstundes var Kihl oppteken av det han meiner er dårlege kår for nynorsken i journalistikken. Han takka difor mållaget spesielt.

– Det er godt at den språklege fagforeinina mi står parat til å kjempe for den nynorske journalistikken, sa han.

Han heldt fram:

– Det er litt moro å skrive eit språk som tydelegvis er så farleg at redaktørane i dei fleste storavisene ser seg nøydde til å forby det på redaksjonell plass. Det er heilt fantastisk at redaktør Gard Steiro har oppheva forbodet i VG. Det utdaterte, pinlege og trongsynte nynorskforbodet i Dagbladet, Aftenposten, Dagens Næringsliv og mange, mange andre riksaviser gjer minst to ting: Noreg lir eit kulturelt tap. Og sjefen min kan vere trygg på at eg ikkje søkjer meg til ein større redaksjon med det fyrste, sa han til latter frå salen.

– Kan ikkje slutte å utfordre vanen

Kollega Guri Kulås sa at ho ser prisen som ein symbolsk stønad til kulturell rikdom og minoritetsrettar.

– Eg kunne ha spara meg sjølv for bry og bydd meg lettare fram for fleire lesarar om eg brukte  majoritetsspråket. Det er lettare å skriva korrekt og stilistisk gjennomarbeidd bokmål enn nynorsk.  Bokmål er norma, og i pressa er denne norma planta på Aftenpostens konservative grunn, medan nynorsken er det «viltveksande» avviket. I motsetnad til bokmålsjournalistar nyttar vi formrikdomen i ordlista. Vakker i teorien, men så pressa som nynorsken og dialektane er, blir fridomen unekteleg både eit fundament for feilskjer og eit frikort til Stilistikkselskapet Disharmonien, sa ho.

Ho lovar å halde fram med nynorsk.

– Skal nynorsk ha ei framtid, kan vi ikkje slutte å utfordre vanen og reservattenkinga hjå majoriteten og oss sjølve. Eg skal halde fram med det frå mi tuve i medieverda, med å skriva filmmeldingar på nynorsk.

Guri Kulås og Jens Kihl mottek kvart sitt Oddvar Torsheim-trykk frå jurymedlem Svend Arne Vee. Foto: Randi indrebø/NRK