16. mars 2017

Programleiar i «Skolefri»

Det er ei strålande nøgd Kathrine Nygård som har fått beskjed om at ho vert medprogramleiar i Skolefri, frå 27. mars og førebels til sommaren. Skolefri er NRK Super sitt radioprogram og går kvar dag frå morgon til kveld på Radio Super. Kathrine Nygård hadde praksisen sin der, og får no vere programleiar saman med Sigrid Velle Dybukt, kjend frå både Ramona og Siggen og P3.

Kathrine Nygård og Sigrid Velle Dybukt (Foto: Magnus Skjelbek/NRK)

–  Eg gler meg til å få lov til å vere ein del av Skolefri. Det er ei stor ære å få henge med ungane som høyrer på, seier Kathrine Nygård, som var ferdig som nynorskpraktikant 1.mars i år.

Skolefri er NRK Super sitt radioprogram og går kvar dag frå morgon til kveld på Radio Super. I tillegg har dei direktesending med Skolefri Live tysdag-fredag 14-16. – Sendingane frå 14-16 vert stream direkte på nrksuper.no. Programmet har og ein aktiv chat der ungane som ser på kommuniserer med programleiarane og kvarandre. Der får vi direkte tilbakemelding på innhaldet evi leverer, og det er nyttig. Artige konkurransar, morosame nyhende, god musikk og kjende og ukjende gjester. Nesten kvar dag er Supernytt inne for å snakke om ei aktuell nyheitssak, seier Nygård.