11. mai 2017

Ros til Klassekampen

Det er to journalistar i Klassekampen som får Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i år; Guri Kulås og Jens Kihl. I fråsegna frå juryen vankar det også litt ros til Klassekampen. – Begge journalistane har den mangeårige opplagsvinnaren Klassekampen som arbeidsstad. Klassekampen har i ei årrekkje vore leiande i å bruke nynorsk, som ei av svært få riksaviser. Årets tildeling er dermed òg ein flik av heider til ei riksavis som har gått føre i å vise at vi kan skrive om alt på nynorsk.

Heile fråsegna frå juryen:

 

Guri Kulås (Foto: Christopher Olssøn/ Klassekampen)

Guri Kulås

Som filmmeldar i Klassekampen gjennom 20 år kombinerer Guri Kulås eit høgt språkleg nivå med eit høgt fagleg nivå. Ho skriv lett og oppfinnsamt, klart og presist.

Fagleg deler ho vurderingane sine av estetiske sider ved filmane på ein måte som gir lesaren innsikt i dette kunstutrykket, og ho gjer det tilgjengeleg og forståeleg for eit filmfagleg uskulert publikum.

Filmmeldingane hennar er ofte som små essays som set filmane og dei medverkande både bak og framfor kamera inn i ein filmhistorisk samanheng. Kulås formidlar også både politiske, sosiale og psykologiske innsikter.

Som kulturjournalist med særleg vekt på film i ei riksdekkande avis bidrar Kulås til å gjere nynorsken til ein naturleg og integrert del av eit breitt og populærkulturelt uttrykk.

Kombinasjonen av stringent språk, lyttande haldning til kunstverkets under- og overtonar, og ei evne til å ta aktuelle samfunnsspørsmål på kornet, gjer det til ei glede for denne juryen å kunne gi prisen til Kulås.

 

Jens Kihl (Foto: Christopher Olssøn/ Klassekampen)

Jens Kihl

Jens Kihl har inga lang journalistkarriere bak seg. Men dei få åra han har verka som politisk journalist i Klassekampen har han nytta godt.

Jens Kihl skriv leikent og underhaldande, har blikk for detaljar, og teft for gode saker. Fleire av sakene hans har sett politisk dagsorden i landet, og har levd vidare i andre media og i Stortinget.

Kihl føyer seg dessutan inn i den særeigne nynorske journalisttradisjonen som kombinerer lett med tungt, humor med alvor. Dei skarpe og tøvete, syrlege og muntre og av og til sjikanøse petitane hans i den faste spalta Dagboka som dagleg står side om side med Kihls tyngre politiske journalistikk viser at Kihl på sitt beste er ein gullpenn med stort overskot.

Dei siste åra har Klassekampen drive folkeopplysing om kommune- og regionreforma, og Jens Kihl har stått heilt sentralt i det arbeidet. At Kihl har greidd kunsten å gjere desse reformene til interessant og underhaldande lesnad er i seg sjølv god nok grunn til at han fortener denne prisen.

Begge journalistane har den mangeårige opplagsvinnaren Klassekampen som arbeidsstad. Klassekampen har i ei årrekkje vore leiande i å bruke nynorsk, som ei av svært få riksaviser. Årets tildeling er dermed òg ein flik av heider til ei riksavis som har gått føre i å vise at vi kan skrive om alt på nynorsk.
Oslo/Valevåg 9. mai 2017.

Håkon Haugsbø (leiar), Agnes Ravatn og Svend Arne Vee.