29. mai 2017

Rundreise til kull 26

Frå 6. juni til 13. juni er Magni Øvrebotten på rundreise til kull 26 i praksis. Ho startar i Alta og avsluttar i Ålesund.

Det er tradisjon i NRK Nynorsk mediesenter å besøkje nynorskpraktikantane medan dei er i ekstern praksis. Både for å høyre korleis dei har det, og korleis dei meistrar oppgåvene dei får. Leiaren for mediesenteret møter både praktikant, fadder og redaksjonsleiar på praksisplassen. Dette er reiseruta til kull 26:

Alta 7. juni, der Wibeke Bruland har praksis i NRK Finnmark.

Oslo 8. juni. Der har Sigrid Sørumgård Botheim praksis i Kulturnytt og Espen Breivik i redaksjonen for økonomi og politikk i NRK Nyhende.

Førde 12. juni, der Snorre Sandemose har praksis i NRK Sogn og Fjordane.

Ålesund 13. juni, der har Aleksander Båtnes praksis i NRK Møre og Romsdal.