9. oktober 2017

Sæterbakk med ungdomsroman

Inger Johanne Sæterbakk har skrive ungdomsromanen «1000 dagar» som kjem ut på Aschehoug i desse dagar. – Det er den første romanen eg har skrive aleine og den første romanen eg skriv for ungdom, seier Sæterbakk. Ho gjekk på det fyrste kullet med nynorskpraktikantar i 2004/05 og er i dag nettredaktør i Norges Bondelag.

På spørsmål om kva boka handlar om skriv Inger Johanne Sæterbakk:

– Boka handlar om Johanna og Georg som har vore bestevenar heile livet. Men når dei kjem i same klasse på ungdomsskolen, og Georg fortel alle at kattene deira para seg i ferien, bestemmer Johanna seg for at ho må sette venskapen på pause. Ein pause som varer i 1000 dagar, til ungdomsskolen er ferdig. Ho kan ikkje risikere at dei andre i klassen trur ho er forelska i Georg. Han er ikkje kul nok.