12. oktober 2017

Sandemose til Porten.no

Snorre Sandemose har fått fast jobb som journalist i nettavisa Porten.no i Årdal. Han gjekk på kull 26, som var ferdige i sommar, og er den fyrste av dei som får fast arbeid i media. Dei fire andre har kortare og lengre vikariat i NRK.
– Eg byrjar i jobben 24. oktober og gler meg veldig til å ta fatt som journalist. No reiser eg til Italia for å leie eit siste cruise for i haust, seier Snorre Sandemose. Medrekna Sandemose har 54 tidlegare nynorskpraktikantar fast arbeid i media

Snorre Sandemose (1983), er frå Gulen i Sogn og Fjordane. Han har bachelor i historie, med spansk som støttefag, frå Universitetet i Oslo, og ein bachelor i russisk språk og kultur, frå Universitetet i Bergen. Han har gått Ingesunds Folkhögskola i Sverige, og vidaregåande gjekk han på UWC i Sør-Afrika.

Sandemose har vore reiseleiar og guide for Escape Travel og Nytt & Nyttig. Han har leia elvecruise mellom St. Petersburg og Moskva, på Dnepr frå Kiev til Krimhalvøya, samt på Seinen, Rhinen og Donau. Han har også vore reiseleiar med tog og buss gjennom Silkevegen.

For Nytt & Nyttig har han vore guide på ti ulike reisemål, på tre kontinent, i ni år på rad. Fyrste sommarjobben hadde han på Nynorsk antikvariat i Fjærland. Han er ihuga nynorsking, og kan elles svensk, russisk og spansk, og litt tysk og polsk.

Og for dei som lurer på namnet? Ja, Snorre Sandemose er oldebarnet til forfattaren Aksel Sandemose (han med Jantelova).