9. juni 2017

Sluttar i NRK – går til Nationen

Svein Ove Hansli (41) er tilsett som nyhenderedaktør.

SKIFTAR BEITE: Svein Ove Hansli skal halde fram i jobben som redaksjonssjef i NRK fram til over sommaren. Då blir han nyhenderedaktør i Nationen. Foto: NRK

Sjefredaktør Irene Halvorsen lyste for ei tid tilbake ut fleire leiarstillingar i Nationen, og no er tidlegare nynorskpraktikant Svein Ove Hansli tilsett som nyhenderedaktør i avisa.

Hansli har frå hausten 2014 vore redaksjonssjef for Økopol i NRK Nyhende, og hatt ansvaret for NRK-redaksjonen som dekkjer økonomi og politikk. Han har tidlegare jobba som vaktsjef og reporter i Dagsrevyen. Han startar i redaktørjobben i Nationen over sommaren.

-Det er synd å miste Svein Ove Hansli. Han har gjort ein solid jobb som redaksjonssjef for økonomi- og politikkredaksjonen. At flinke folk av og til kan ønskje seg nye og andre utfordringar er likevel forståeleg, og vi ønskjer Svein Ove lykke til i Nationen, seier nyhendedirektør i NRK, Alexandra Beverfjord, til NRK.no.

-Hansli har lang røynsle frå NRK, der han har leia høgkompetente folk gjennom krevjande digitale endringar. Hansli har leia komplekse prosjekt, som planlegging og gjennomføring av NRK si valdekking i 2015, i alle kanalar og på alle plattformar. Han blir sentral i det strategiske arbeidet vårt med å knyte saman redaksjonelt og kommersielt arbeid, i tillegg til å utvikle journalistikken slik at Nationen blir meir relevant for alle, skriv Nationen i presentasjonen av Hansli i ei nyhendesak på nett.

Svein Ove Hansli gjekk i 2004-2005 på det første kullet med nynorskpraktikantar ved NRK Nynorsk mediesenter. Han er opphavleg frå Vinje i Telemark.