Rune Fossum Lillesvangstu, Magni Øvrebotten og Randi Indrebø (Foto: Arne Stubhaug/NRK)
8. mars 2017

Søknadsfrist 17. april

I år får folk påska på seg til å søkje om å bli nynorskpraktikantar. Den faste søknadsfristen 15. april er flytta til 17. april. Vi tilset kull 27 i byrjinga av mai. Det er faglærar Randi Indrebø og leiar for NRK Nynorsk mediesenter, Magni Øvrebotten, som tilset dette kullet. Dei fem som kjem inn skal starte på opplæringa i Førde 21. august og er ferdige 28. februar 2018. Per dags dato har vi sendt frå oss 125 nynorskpraktikantar og 59 prosent av dei arbeider i media, 48 prosent i NRK.

Sjå utlysinga her

– Vi leitar framleis etter engasjerte ungdomar, som har talent, er nynorskbrukarar og vil bli journalistar. Når vi tilset prøver vi å sette saman eit lag av folk med ulike bakgrunnar, både med omsyn til dialekt og utdanning, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter. Det er langt mellom søkjarar frå Austlandet, Sørlandet, Trøndelag og Nord-Norge. – Vestlendingane pregar søkjarbunken, naturleg nok, sidan nynorsk står sterkast her. Men vi vil svært gjerne ha tak i nynorskbrukarar frå andre landsdelar. Av dei 130 nynorskpraktikantane vi har teke inn (medrekna noverande kull) er 105 frå Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane eller Møre og Romsdal. Og berre 25 frå resten av landet, seier Øvrebotten. Sjå fordelinga på fylka her

Viljen til nynorsk
Vi lærer folk journalistikk, nynorsk som mediespråk, teknikk og data for nett, sosiale medium (some), radio og fjernsyn. Det er eit mål å gjere nynorskpraktikantane fleirmediale, slik at dei kan arbeide på alle dei plattformene NRK brukar. Auka bruk av nett og some syner fram det skriftlege språket meir enn i radio og fjernsyn, der det munnlege språket er mest i fokus. Difor er det viktig å vere glad i å skrive og formulere seg, og skrive grammatikalsk rett.  – Det vert forventa av dei som har vore nynorskpraktikantar når dei kjem ut i redaksjonane. Då er det god hjelp i å vere glad i språket sitt og har ein sterk vilje til bruk av nynorsk, seier Magni Øvrebotten.

Ulike utdanningar og bakgrunnar
Alt du har røyndt og lært i livet kan kome til nytte i journalistikken, og det er viktig å få ulike bakgrunnar og utdanningar inn i yrket. Vert redaksjonane for eins samansette tenkjer dei for likt og ser ikkje det mangfaldet NRK skal dekke; «Om alle og for alle» og «spegle heile landet», som det heiter i måla våre. – Det er skilnad på å vekse opp i ei bygd i Nordland og på Frogner i Oslo, ja, sjølv på så korte avstandar som mellom Voss og Bergen. Bakgrunnen og ståstaden vår innverkar på korleis vi oppfattar saker og utvikling, og det er viktig å ha breidde der om NRK skal spegle heile landet, seier Magni Øvrebotten.

NRK Nynorsk mediesenter har god røynsle med stor variasjon i utdanning på kulla. Vi tek inn alt frå folk som nett er ferdige med vidaregåande til dei med fleire mastergrader, i alt frå russisk til industriell økonomi. Tyngda er nok orienterte mot samfunns- og språkfag. Når vi tek inn dei purunge er det fordi vi meiner å sjå talent for journalistikk i dei. Dei beste kulla er når desse får til å dra vekslar på kvarandre. Rett frå vidaregåande veit du ingenting om akademisk skriving, men etter ein master eller to kan det vere eit slit å hente fram att det enkle og kortfatta språket. Det er det som gjeld i journalistikken, og særleg i etermedia som radio og fjernsyn.

Engasjement er viktig
Dersom det er rivnande likegyldig for deg kva som skjer og korleis samfunnet utviklar seg, bør du ikkje satse på journalistikk. Yrket krev at du fylgjer godt med og let deg engasjere av både godt og gale. Likar du å fortelje og opplyse er det viktige eigenskapar i yrket, og evne til å sjå saker frå ulike sider kjem godt med. Men du må heile tida ta val om kva som er saka. Nokon har mest talent for å bli kritiske journalistar, andre synst det er kjekkast å underhalde. I NRK Nynorsk mediesenter lærer vi opp praktikantane etter lære-med-å-gjere-det-metoden, men nyhende som grunnvoll. Det er nyttig same kva du satsar på etterpå.

Attestar og vitnemål
Vi ynskjer å få vitnemål, attestar og kven de har som referansar i lag med søknaden. Høyr ikkje på dei som fortel dykk at de skal «oppgje referanse ved førespurnad».- Eg vil ha høve til å snakke med referansane før eg skaper håp med å kalle folk inn til intervju i Førde. Vi betalar reisa  tur/retur Førde for å møte kandidatane personleg. Det tek om lag to timar å gjennomføre eit jobbintervju, språk- og studiotest. Då har eg rekna med den timen kandidaten får til å førebu seg til språk- og studiotesten. For oss er det viktig at folk meiner noko med å søkje, og vil ha plassen om dei får han, seier Magni Øvrebotten.