25. september 2017

Solveig Barstad leiar i juryen

Den nye juryen for Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar hadde sitt fyrste møte i Førde i dag. Solveig Barstad, journalist/programleiar i TV 2, vart valt til leiar. Med seg i juryen har ho Inger Johanne Sæterbakk, nettredaktør i Bondelaget, og Øystein A. Vangsnes, professor ved Universitetet i Tromsø og Høgskulen på Vestlandet, i Sogndal.

Inger Johanne Sæterbakk, Øystein A. Vangsnes og Solveig Barstad (Foto: Brit Jorunn Svanes/NRK)

Kulturdepartementet har nemnt opp denne juryen frå 1. juli 2017 til 1. juli 2021. På møte 25.september valde dei leiar, sette opp ein arbeidsplan og tenkte høgt kring utlysinga av prisen for 2018. Den vert lyst ut i mars og fristen for å kome med framlegg er 1. april. Juryen skal ha møte 2. mai og prisen vert delt ut 8. juni, under Dei nynorske festspela i Ørsta. Sjå meir om bakgrunnen til juryen her

Årsrapporten for 2017 her