Magni Øvrebotten

Magni Øvrebotten

Magni Øvrebotten (1954) har vore leiar for NRK Nynorsk mediesenter sidan starten i 2004. Frå 1990 til 2004 var ho distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, redaksjonssjef frå 1985-1990 og journalist same stad frå 1980-85. Ho har også arbeidd i fleire aviser.

Lærde å stå på

Magni Øvrebotten er fødd 12. juni 1954 og kjem frå Botnane i Bremanger, Sogn og Fjordane. Ho vaks opp på gard og lærde tidleg å arbeide. – Når du veks opp i små bygder som Botnane lærer du at ingenting gjer seg sjølv, du må stå på for det du vil ha gjort. Det hjelper lite å sitte og syte og tru andre gjer jobben for deg. Det har vore ein viktig lærdom for meg, særleg som leiar, seier Øvrebotten.

Overlevde i Gula Tidend

Magni bestemte seg for å bli journalist då ho var åtte år. Ho var glad i å skrive og hata å rekne! Fyrste journalistjobben var som sommarvikar i Gula Tidend i 1971, 17 år gamal, med den markerte Per Håland (1919-1999) som redaktør. I journalistkrinsar i Bergen heitte det seg då at «overlever du i Gula så er det ikkje anna råd enn at du må bli journalist «.  Gula Tidend var dåtidas  Nynorsk mediesenter, der mange nynorskbrukande ungdommar starta journalistkarriera si.

Sommaren i Gula Tidend gav slik meirsmak at det neste vart Norsk Korrespondanseskule sitt kurs i «Journalistikk», med presselegenda Carl Just (1897-1990), som entusiastisk lærar. Det var han som starta Journalistakademiet, som seinare vart Norsk Journalisthøgskule. Korrespondansekurset tok ho medan ho gjekk på Fjordane folkehøgskule på Nordfjordeid 1971-72, før engelsklina på Flora gymnas 1972-75.

Truga med oppseiing på grunn av nynorsk

Øvrebotten var innom Bergens Arbeiderblad og Firda i sommarjobbar medan ho gjekk på gymnaset. Etter det arbeidde ho eitt år i Nationen i Oslo, frå 1975-76, som praktikant i Senterpressa. Nationen hadde på den tid ein ihuga nynorskhatar som nyhenderedaktør. Han mislikte sterkt at sjefredaktør Dagfinn Vårvik hadde teke inn denne nynorskbrukande senterungdomen frå Vestlandet. Nyhenderedaktøren truga med oppseiing om ho ikkje slutta å skrive nynorsk. Det nekta ho og synte til at redaktøren av «bygdefolkets riksavis» tvert om hadde lova at ho skulle få skrive nynorsk der. Det vart inga oppseiing, men ho byrja på Norsk Journalisthøgskule i 1976. Mellom studieåra der søkte ho praksis i Dag og Tid, med NRK Dagsnytt som andreval. Men Dag og Tid hadde ikkje råd til å ha studentar frå Journalisthøgskulen, dermed vart det Dagsnytt.

Då ho var ferdig på Journalisthøgskulen i 1978 var ho med på eit heller mislukka prosjekt med å drive lokalavisa «Dølaposten» på Otta, ei nynorsk bygdeavis for sju kommunar i Nord Gudbrandsdalen. Hausten 1980 vende ho heimatt og byrja i NRK Sogn og Fjordane.

Fem år som journalist og fem år som redaksjonssjef

Frå 1980 til 1985 var Øvrebotten journalist og vaktsjef i NRK Sogn og Fjordane, med politikk og landbruk som spesialfelt. Ho fekk også dei to borna sine – Åshild og Tarjei – i dette tidsrommet.

Magni Øvrebotten hadde ikkje sett føre seg eit liv som leiar. Ho meinte ho var altfor direkte og råderik til det. Magni var den typen kollegaer brukte til å vere sendebod til leiinga når det var noko dei ikkje ville eller våga å ta opp sjølve. Men hausten 1985 ville redaksjonssjefen i NRK Sogn og Fjordane, Per Vassbotn, ha permisjon for å skrive bok. Han og distriktssjef Ottar Starheim (1946-2012) hadde namna til tre tilsette på lista over kven dei ville spørje om å vere vikar. Dei to fyrste takka nei. Det gjorde Magni også, men då sa Starheim: – Du er klar over at du kan beordrast til å ta jobben? Ho vart og minna om at ho hadde meint mykje om at det var altfor få kvinnelege leiarar i NRK.  Øvrebotten var redaksjonssjef i NRK Sogn og Fjordane frå november 1985 til mars 1990.

Harde tak

Hausten 1989 vart Einar Førde (1943-2004) kringkastingssjef. Han ville ha fornying og fyrste året hans som k-sjef vart det nye leiarar ved tre distriktskontor. NRK Sogn og Fjordane var eitt av dei. – Han gav meg beskjed om at eg var påtenkt som dk-sjef og hadde å søkje, men eg føreslo eit anna namn. Då såg han strengt på meg og sa: – Eg er luta lei kvinnfolk som spring i 8.-marstog og krev posisjonar for kvinner, men som syner til eit mannfolk så snart høvet byr seg for ein leiarjobb.

– Einar Førde trefte innertiar med den salven. Eg møtte meg sjølv i døra nok ein gong, søkte og fekk jobben, seier Magni Øvrebotten. Dermed fekk ho vere med på ei rivande utvikling av NRK Sogn og Fjordane, med mellom andre redaksjonssjef Arve Sandal, teknologisjef Per Johan Grue og adm.sjef Oddbjørn Svarthumle som svært viktige medspelarar dei mest krevjande omstillingsåra.

NRK Sogn og Fjordane vart i 1991/92,  saman med NRK Hordaland, prøvekontor for distriktsfjernsyn (dktv) gjennom Vestlandsrevyen. Oppdraget frå Einar Førde var at Vestlandsrevyen måtte bli så populær at alle på Stortinget ville ha distriktsfjernsyn frå sitt område. Det var lett å gjere dktv populært blant folket, men intern i NRK var det harde tak. Berre to veker før fyrste sending kravde dåverande leiar for Dagsrevyen, Egil Sundar, at Einar Førde skulle skrinlegge heile greia. Men Einar Førde var ihuga for og overhøyrde all motstand. Distriktsfjernsynet var NRK sitt mottrekk til at TV2 skulle byrje med sendingar, difor vart Bergen fyrste sendestad.
– Vestlandsrevyen er eit uekte barn avla i kjærleik, sa kringkastingssjef Einar Førde under opninga i Bergen 11.11.1991. Det var liten tvil om at han rekna seg som faren.

Vestlandsrevyen var på lufta, men riksnettet i NRK nekta å tilpasse seg det. Difor kom Vestlandsrevyen på lufta som ein ufo frå verdsrommet, midt i populære sendingar for både unge og gamle.
– Det var heller ikkje problemfritt å samarbeide med Bergen, som ofte tykte at det som skjedde der var mykje viktigare enn det som hende her, i det dei kalla «nordfylket». Men trass i all motstand og strid, oppdraget vi fekk vart kruna med siger. Det vart dktv over heile landet, minnest Magni Øvrebotten.

Fyrst med internett

Det var inga konfliktlaus tid ved kontoret i Førde heller. Magni Øvrebotten skydde ikkje konfliktar, ho tok dei ho meinte måtte takast for å henge med i utviklinga og gjere kontoret til eit leiande nyhendekontor som synte att på riksnettet. Det hadde altfor lenge vore slik at det måtte gå store ras eller dette ned fly for at Sogn og Fjordane skulle kome på kartet. Ekstrasendingar lokalt når det skjedde alvorlege hendingar i fylket var og noko nytt. Den fyrste hadde vi seint om kvelden 4. november 1991, då snøggbåten Sea Cat gjekk på grunn i Gulen.

«Fyrst og best på nyhende» var slagordet og kampen mot husmannsånda i Sogn og Fjordane stod sentralt. «Vi skal vere stolte av røtene våre, språket vårt og fylket vårt. Det skal merkast at vi er ein del av natur, kultur og lynne i Sogn og Fjordane», heitte det måldokumentet. Oppslutninga av distriktssendingane i Sogn og Fjordane var høgast i landet, saman med NRK Finnmark.

Midt på 1990-talet byrja NRK Sogn og Fjordane med eigne sider på internett. – Det var takka vere to eldsjeler som heitte Per Johan Grue og Jostein Nyfløtt. Saman med redaksjonssjef Arve Sandal fekk dei overtydd meg om at vi kunne nå ungdomen og dei utflytte gjennom Internett, fortel Øvrebotten.
NRK Finnmark og NRK Sogn og Fjordane var blant dei minste distriktskontora i NRK, men dei var fyrst ute på internett. – Eg trur Finnmark slo oss med å vere fyrst med nyhende på nettet, vi starta med meir programinformasjon. Resten av NRK lo av oss, meinte vi måtte ha for mykje pengar og for god tid som kunne rote med slikt. Slik var det i årevis, seier Magni Øvrebotten.

Kjempa for nynorsken

Ei anna kampsak for kontoret var nynorsken. NRK Sogn og Fjordane prøvde å få lage nynorsk barnetv, for å gje ungane dialektar og nynorsk frå andre stadar enn Oslo. Det vart nokre sporadiske seriar utover 1990-talet, men dette vart det ikkje skikkeleg gjennomslag for før langt ut på 2000-talet.

Kontoret sleit med å få tak i nynorskbrukande journalistar og løysinga vart å lære dei opp sjølve. Frå 1990-2000 rekrutterte NRK Sogn og Fjordane vel 50 nynorskbrukande journalistar som seinare fekk seg arbeid i riksredaksjonane til både NRK og TV2. «Førde-skulen» kalla Tom Berntsen det, då han var leiar for Dagsrevyen. Dette arbeidet danna grunnlag for det som seinare vart NRK Nynorsk mediesenter i Førde.

I 1992 føreslo NRK Sogn og Fjordane for NRK-leiinga at vi skulle ha to nynorskpraktikantar i Førde i 8 månader, i opplæring og praksis. Sentralt i NRK hadde dei gjeve opp ordninga med nynorskstipendiatar, som hadde vore i Oslo, Ho fungerte ikkje godt nok lenger. Kringkastingssjef Førde var for å legge to slike stillingar til eit distriktskontor, men la dei til NRK Møre og Romsdal. På telefonen til Øvrebotten grunngav han det med at han merka mumling om at Førde-kontoret fekk «alt» etter at han vart k-sjef:
– Ideen er god, og eg skjønar at du vert forbanna. Men sidan Førde vart prøvekontor for dktv legg vi  nynorskpraktikantane til Ålesund, forklarde Einar Førde til ei opptrekt Magni Øvrebotten.

Men då Øvrebotten i 1996 sa opp som dk-sjef, etter at fyrste åremålsperioden var over, fekk Førde-kontoret ei av stillingane for nynorskpraktikantar. Det var eitt av krava ho stilte for å gå på einny periode som dk-sjef. Trass i at det hadde vore seks turbulente og arbeidskrevjande år med henne som dk-sjef,  opplevde ho då massiv støtte frå dei tilsette for å halde fram, med «gamlesjefen» Ottar Starheim i front. – Det gjorde inntrykk. Eg kjende at eg var for glad i både folka og kontoret til å gje meg, sjølv om eg var sliten. Det var litt av eit arbeidslag vi hadde, minnest ho.

Ideen om å sette opplæringa av nynorskbrukande journalistar i system vart redninga då NRK-leiinga i 2002 føreslo at NRK Sogn og Fjordane skulle leggast under NRK Hordaland i Bergen. Det var stor folkeleg motstand mot det i Sogn og Fjordane og som dk-redaktør gjekk Magni Øvrebotten offentleg ut med sin motstand, noko mange i NRK meinte var illojalt.
– Eg var budd på å måtte gå på den saka, og det var ho vel verd. Dessutan meinte eg at så lenge det ikkje var fatta noko endeleg avgjerd måtte det vere lov å vere usamd med leiinga, og tenkje sjølv. Men hadde ikkje folket fylka seg kring oss, hadde vi ikkje hatt ideen Nynorsk mediesenter, og hadde ikkje Valgerd Svarstad Haugland vore nynorsking, kulturminister og dermed generalforsamling for NRK, så hadde det ikkje gått. Eg gløymer aldri då ho stoppa styrevedtaket, om at vi skulle inn under Bergen, på direkten i Dagsnytt 18.

Nynorsk mediesenter

12. mars 2004 slutta Øvrebotten som distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane og 18. mai byrja ho på jobben med å bygge opp Nynorsk mediesenter i Førde. – Eg kjende meg som ei svært priviligert dame som fekk ei slik oppgåve i hendene som 50-åring. Det var ein jobb som sameina det eg hadde  styra mest med i yrkeslivet mitt; nynorsk i NRK, journalistikk, rekruttering og opplæring av nynorskbrukande journalistar, seier Magni Øvrebotten.

Noverande og tidlegare verv

Bruheim-nemnda: Magni Øvrebotten er frå 2011-14 med i nemnda for markering av 100-årsdagen for forfattaren Jan-Magnus Bruheim (1914-1988) i 2014. Dei fire andre medlemmane i nemnda er alle frå heimkommunen hans, Skjåk. Bruheim døydde i 1988.   – Eg sa ja til å vere med i jubileumsnemnda fordi eg tykkjer Jan-Magnus Bruheim har fått altfor lite merksemd for alt det flotte han skreiv. Eg møtte han fyrste gongen som ung journalist i Skjåk i 1978, og det møtet gjorde at han flytta til heimbygda mi Botnane, og vart der i sju år. Han hadde alltid drøymt om å bu ved havet.

Språkrådet: Øvrebotten var med i interrimstyret for det nye Språkrådet frå 2004-2006, og var nestleiar i styret frå 2006 til 2010. Den 13. august 2010 trekte Ida Berntsen seg som styreleiar på dagen, og Øvrebotten tok over. 14. oktober 2010 trekte Øvrebotten seg som fungerande leiar i Språkrådet i protest mot både prosessen og resultatet av sju månaders arbeid for å finne ein ny språkdirektør. Styremedlemmene Tor Fuglevik, Silje Solheim Karlsen og Jan Olav Fretland  gjorde det same. Eit samrøystes styre hadde rådd til at professor Kjell Lars Berge skulle tilsettast, men dåverande kulturminister Anniken Huitfeldt ville ikkje ha han som språkdirektør.

Senterungdommen: På 1970-talet var Magni Øvrebotten aktiv i Senterungdommens Landsforbund. Frå 1975-78 var ho organisatorisk nestleiar i sentralstyret. Det var då den sokalla «Hedmarks-geriljaen» og Senterungdommen kjempa mot sonderingar og regjeringssamarbeid med Høgre. Dei tapte. Magni forlet Senterungdommen og Senterpartiet i 1978 og har ikkje vore politisk aktiv etter det.      – Undervurder aldri folk med praksis frå Senterpartiet, brukte tidlegare kringkastingssjef Einar Førde (1943-2004) å seie. Han meinte dei hadde gått i ein hestehandlarskule utan sidestykke.

Målrørsla: I studietida var ho med i styra i Kringkastingsringen og Noregs Mållag, og ho var med og drog i gang Mediemållaget. «Noregs minste mållag», som Per Vassbotn kalla det. Magni Øvrebotten la organisasjonslivet på hylla då ho byrja i NRK.

Prisar

Magni Øvrebotten fekk Mediemållaget sin «Nynorsk redaktørpris» i 2013, for «framifrå innsats for nynorsk som mediespråk». I 2005 fekk ho NORDFAG-prisen, for hennar sterke argumentasjon og engasjement mot regionalisering av NRK. «Debatten ble hørt langt utenfor NRK, men det var hele tiden allmennkringkasterens forpliktelser lokalt som stod i fokus», heitte det mellom anna i grunngjevinga.  NORDFAG er ein organisasjon for tilsette i allmennkrinmgkastarane i seks nordiske land, og er oppteken av allmennkringkasting i Norden.  I  2004 fekk ho «Målblomen», frå Sogn og Fjordane mållag, for arbeidet ho hadde gjort for nynorsk og dialektar som redaktør i NRK Sogn og Fjordane.

Magni Øvrebotten, Leiar

Tlf.direkte:
57 72 42 30

Sentralbord:
57 72 42 42

Mobil:
970 55 201

E-post:
magni.ovrebotten@nrk.no