Rune Fossum Lillesvangstu

Rune Fossum Lillesvangstu

Rune Fossum Lillesvangstu (1974) kjem frå Molde, men har budd i Sogn og Fjordane dei siste 17 åra. – Det nærmar seg halve livet, seier han. Han byrja som sportsjournalist i avisa Firda i 1999. Der var han i nesten ti år, då han kom til NRK Sogn og Fjordane. Her har han vore vaktsjef i fem år, og dei to siste åra reporter på TV, radio og nett.

Lillesvangstu har bakgrunn som fenrik i Forsvaret, i tre år, mellom anna som nestkommanderande ved Grense Jakobselv Grensestasjon. Hans  journalistiske løpebane starta med ein bachelor i journalistikk frå Mediehøgskulen i Kristiansand. Han har også historie mellomfag frå Universitetet i Trondheim og grunnfag statsvitskap frå Høgskulen i Molde.

– Å vere faglærar blir ei ny utfordring for meg, og det skal bli kjekt å jobbe med unge, ivrige og lærevillige journalistspirer. Mykje handlar jo om å overføre gleda det er å få formidle gode historier til TV-sjåarar, radio-lyttarar og nettlesarar. Då kjem ein veldig langt! seier Rune Fossum Lillesvangstu.

 

Rune Fossum Lillesvangstu, Faglærar

Tlf.direkte:
57 72 42 67

Sentralbord:
57 72 42 42

Mobil:
91 87 41 11

E-post:
rune.fossum@nrk.no