12. september 2017

Tok ansvar for some og foto på valkvelden

Praktikantane vart kasta ut på djupt vatn då folk gjekk til urnene for å røyste.

Kull 27 klare for innsats på valkvelden. Frå venstre Linda Watten, Borghild Andersdotter Vevle, Synne Ulltang og Arianrhod Engebø. Biletet er henta frå Snapchat.

– Dei tok utfordringa på strak arm og løyste oppgåva på ein framifrå måte, seier faglærar Rune Fossum Lillesvangstu.

Praktikantane ved NRK Nynorsk mediesenter fekk ein hektisk dag på jobben, då dei fekk ansvaret for å dekkje valet på Instagram, Snapchat og med stillfoto til nettsida til NRK Sogn og Fjordane. I løpet av kvelden formidla dei stemninga på valvaka med bilete og video. Valet vart ein thriller av dei sjeldne, og NRK sine følgjarar på Instagram og Snapchat vart servert sterke kjensler med både vinnarar og taparar frå valvaka på Sunnfjord hotell.

Medan jentene hadde ansvar for dei sosiale media, jobba Ådne Sandvik Dyrnesli med å fore nettdesken med stillfoto. Etterpå vanka det mykje skryt frå redaksjonsleiinga – både for bileta frå Dyrnesli og for innsatsen til dei fire praktikantane på some-jobb.

– Bileta til Ådne var med på å løfte valdekninga til NRK Sogn og Fjordane, det er det ingen tvil om. Gode bilete er svært viktig for nettsida. Eg er dessutan nøgd med stoffet vi fekk presentert på Insta og Snap. Vi retta oss mot ei ung målgruppe, og eg meiner vi lukkast takka vere praktikantane, seier Lillesvangstu.

Synne Ulltang og Linda Watten på jobb valkvelden. Biletet er henta frå Instagram.