3. oktober 2017

Wiik Gjerde til Framtida.no

Christian Wiik Gjerde er tilsett i Framtida.no for å arbeide med barnesatsinga Framtida Junior. Janne Nerheim er også tilsett til dette føremålet og begge har byrja i jobbane sine.

Wiik Gjerde (1981) var nynorskpraktikant i 2011/12 og hadde praksis i NRK Super. Han arbeidde der i fleire år etterpå, mellom anna som programleiar for barnetimen Superblokka i NRK P1. For den jobben fekk han Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2013.

Han er sunnmøring, har fire år med pedagogisk utdanning i Trondheim og praksis som lærar i Oslo. I fjor debuterte han med barneromanen Jakta på firkløveren på Det Norske Samlaget. Sjå meir her