26. august 2014

10-årsmarkering

Måndag 1.september er det 10 år sidan det fyrste kullet med nynorskpraktikantar byrja i Nynorsk mediesenter. Det vert markert med påsmurde grovskiver og kransekake i lunsjen måndag, saman med dei tilsette i vertskontoret NRK Sogn og Fjordane og dei nye praktikantane i Nynorsk avissenter.

– Eg står inne for både grovskivene og kransekaka, men kjenner på at vi sikkert burde ha gjort meir utav det, særleg sidan vi hadde stort språkseminar då vi fylte 5 år. Men vi rakk ikkje å planlegge noko i vår, og no er det for seint , seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.

No vert det laga ein ekstra statusrapport og markert på nettsida, der mange ser seg attende, både praktikantar, sjefar og dei som har nytt godt av opplæringa av nynorskpraktikantar.

NRK Nynorsk mediesenter vart offisielt opna 2. september 2004, av då verande kulturminister Valgerd Svarstad Haugland.  Bilete syner henne og Magni Øvrebotten saman med kull 1. Frå venstre: Inger Johanne Sæterbakk, Svein Ove Hansli, Knut Åge Teigen, Eli Bjelland og Maria Rivedal.