7. november 2016

Tilsetting 7. november

– Vi har tilsett kull 26 og dei fem heldige er varsla. Kven dei er kunngjer vi i morgon. Totalt har tretten av 33 søkjarar vore inne til intervju, språk- og studiotest. Den siste var inne i dag, og vi har «samordna» oss med Nynorsk avissenter om dei som søkte begge stader, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.

Det er faglærar Rune Fossum og Øvrebotten som tilset dette kullet. Kull 26 skal byrje på opplæringa i Førde 4. januar 2017 og vert her i praksis ut april. I mai og juni har praktikantane ekstern praksis i andre redaksjonar. – Vona vår er sjølvsagt at dei skal få halde fram som sommarvikarar og vikarar frå 1. juli, og det brukar jamt over å ordne seg. Ser vi på dei to siste kulla som er ferdige herifrå har to fått fast arbeid, seks har kortare og lengre vikariat/prosjektstilling, ein er tilkallingsvikar og ein arbeider utanfor media, seier Magni Øvrebotten.