21. april 2020

10 kalla inn til intervju

Vi er alt godt i gang med å intervjue kandidatar til kull 33 med nynorskpraktikantar. Førebels er ti av 45 søkjarar kalla inn til videokonferanse.

Det er faglærar Rune Fossum Lillesvangstu og leiar for NRK Nynorsk mediesenter, Magni Øvrebotten, som tilset kull 33. Dei fem heldige skal byrje på opplæringa i Førde 19. august, og vert her til jul. I januar og februar skal dei ha praksis i andre redaksjonar før dei er ferdige med halvåret som nynorskpraktikantar til 1. mars 2021.