23. oktober 2014

10 kalla inn til intervju

Førebels er 10 av dei 40 søkjarane kalla inn til intervju, studio- og språktest i tidsrommet 28. oktober til 4. november. Det vert truleg tilsetting kring 7. november.

– Det høver dei fleste å kome til Førde i løpet av komande veke. Det er bra, for vi prøver å tilsette dei fem nynorskpraktikantane så snøggt som råd. Dei har berre tida og vegen til å omrømme seg til dei skal vere på plass 5. januar, seier Magni Øvrebotten, leiar for Nynorsk mediesenter. Det er faglærar Terje Gilleshammer og ho som skal tilsette kull 22.

Øvrebotten utelukkar ikkje at fleire av søkjarane kan bli kalla inn til intervju. Det vert avgjort i løpet av komande veke. – Stundom går det lett å sette saman gruppa, andre gonger leitar vi etter sistemann, og då vert det ofte mange konferansar. Vi skal sette saman ei gruppe som vi trur kan bli dyktige journalistar og  nynorskbrukarar i media. Samstundes bør dei ha føresetnader til å fungere godt i lag og utfylle kvarandre som gruppe, både geografisk og i utdanning. Nokon berre veit at dei skal bli journalistar og har ein eigen driv i det, medan andre kjem hit med mykje utdanning og lurer på om journalistikken kan vere noko for dei, seier Øvrebotten.

– Kva med kjønnsfordelinga?

– Det er rart at eg, som har kvotert kvinner inn i journalistikken i heile mitt leiarliv, no leitar mest etter menn. Journalistikken har vorte eit kvinneyrke, og Nynorsk mediesenter er ikkje noko unntak. Av dei 105 nynorskpraktikantane vi har hatt til denne tid har berre 41 vore menn. Difor tykkjer eg det er flott at 18 av dei 40 søkjarane til kull 22 er menn. Førebels er det kalla inn fem menn og fem kvinner til konferanse.

– Klart for eit reint karakull?

– Vi har hatt fire kull med berre kvinner, men aldri eit kull med berre karar. Den dagen det er fem menn vi trur mest på er vi klare for det, men det ideell er blanda kull, tre/to den eine eller andre vegen.

– Føretrekkjer de folk med medieutdanning?

– Nei, vi er mest opptekne av å rekruttere folk med ulike bakgrunnar og utdanningar til journalistikken. Den vert for einsretta om alle har same utdanningsbakgrunn. Journalistikken treng økonomar, juristar, bønder, sjukepleiarar, fleirkulturelle, språkfolk, fiskarar og handverkarar, osv, som kan gje breiare innsikt og kontaktnett. Dei som alt har ei medieutdanning bør kunne få seg jobbar med den. Men det er ingen regel utan unntak, også vi har hatt praktikantar med medieutdanning, men dei har ofte mangla radio og fjernsyn i utdanninga frå før.

– Kvifor krev de frammøte i Førde for å kunne vurdere kandidatane?

– Eg har aldri tilsett folk utan å ha møtte og snakka med dei, og testa dei i studio, både i språk, stemme og kunnskap. Skyp er ikkje det same som å møtast i same rommet, og ei tilsetting er ei stor investering for NRK. Det er viktig at vi gjer skikkelg førearbeid. Eg er ubeskjeden nok til å hevde at førearbeidet er ein viktig grunn til at 67 % av dei 100 vi har sendt frå oss arbeider i media. Vi har treft bra med rekrutteringa.

– Attestar og vitnemål krev de også?

-Ja, eg skjønar at det har «gått av moten», for folk vert overraska når eg vil ha meir enn ein søknad og ein CV. «Kva skal du med vitnemålet mitt frå vidaregåande når eg har A på masteren min?» spør dei. Men i CV-en står det ingenting om frammøte/fråver/karakterar i norsk, eller korleis dei er i arbeidslivet, osv. Eg har tilsett journalistar i 30 år og alltid funne nyttig informasjon i attestar og vitnemål.

– Når vert kull 22 tilsett?

– Eg håpar å ha det klart til fredag 7.november, men i alle høve innan 14. november.