30. april 2014

100 nynorskpraktikantar

I dag hadde kull 20 sin siste dag i Førde, med det har NRK Nynorsk mediesenter lært opp 100 praktikantar!

I dag var det dagen for dei runde tala. Kull 20 vart takka av, og med dei kan NRK Nynorsk mediesenter vise til å ha lært opp 100 praktikantar på 10 år.

Leiar Magni Øvrebotten kunne smile stolt: – Det er nesten ufatteleg at vi har halde på i ti år og lært opp så mange. Åra går ryse fort, seier Øvrebotten.

Skummelt, men godt skodde

Ei av dei som no skal prøve seg ute i det store NRK er Guri Kvalnes som skal ha praksis i Kulturnytt.

– Me kjenner oss heldige og priviligerte. No ventar den store verda, det er skummelt men me kjenner oss godt skodde med røynsle frå NRK Nynorsk Mediesenter og NRK Sogn og Fjordane, sa Kvalnes under takketala i lunsjen i dag.

Ekstern praksis

Silje Steinnes Bjerknes skal til NRK Møre og Romsdal i praksis, Halvor Farsund Storvik til NRK sitt lokalkontoret i Sogn, Liv Ragnhild Holdhus Sjursen til Her og Nå, NRK P1, Oddbjørn Myklebust Opsal til «Salongen» i NRK P2 og Guri Kvalnes til Kulturnytt i NRK P2. Der skal dei vere frå 2. mai til og med 30.juni, då er dei ferdige med halvåret som nynorskpraktikantar.