18. oktober 2018

14 til konferanse

Fjorten av dei 29 søkjarane til kull 30 er kalla inn til konferanse frå 22. til 31. oktober. Mellom dei er fire sams søkjarar med Nynorsk avissenter.

– Vi tilset aldri folk utan jobbintervju, nynorsk- og studiotest. Til saman tek det omlag to timar og då har vi eit nokolunde inntrykk av søkjaren, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter. Ho tilset kull 30 saman med faglærar Rune Fossum Lillesvangstu.

Vona er å tilsette til 1. november, men det kan framleis bli nødvendig å kalle inn fleire søkjarar.