16. september 2019

Jobben min: Språkkonsulent

Inger Johanne Sæterbakk gjekk på det fyrste kullet med nynorskpraktikantar i 2004/05, og arbeidde i NRK i fleire år etterpå. Elles har ho arbeidd med informasjon om alt frå Hålogaland Teater til Norges Bondelag.

Kva er jobben din?

Eg er språkkonsulent på Det Norske Teatret. Det vil i praksis seie at eg har ansvaret for at Det Norske Teatret følgjer opp språkoppdraget vårt som landets største nynorskinstitusjon.

Korleis likar du deg i jobben?

Eg likar jobben godt, og trivst i det samansette miljøet av ulike yrkesgrupper som jobbar på Det Norske Teatret. Det kjennest jo også som ein ekstremt viktig jobb, det å ha ansvar for nynorsken på eit slikt hus. No har eg jobba her i eitt år, og eg begynner å få jobben meir under huda. Det er mykje ein kan ta tak i på eit stort hus der språket blir brukt på mange ulike måtar.

Kva har Nynorsk mediesenter betydd for deg?

Etter at eg var ferdig på Nynorsk mediesenter, vart eg ein slags omreisande vikar i NRK-systemet, og eg jobba i fleire ulike redaksjonar ulike stader i landet. Eg trur både livet mitt og arbeidslivet mitt vart heilt annleis enn det ville blitt om eg ikkje hadde vore innom Førde og Nynorsk mediesenter. Det opna nokon dører for meg, og så har eg sjølv vore flink til å gripe sjansane som har dukka opp.