3. april 2018

18 kandidatar til nynorskprisen

Fristen for å kome med framlegg til Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar gjekk ut andre påskedag, og det er totalt 18 framlegg om 17 namn. I år er det stor overvekt av kandidatar frå etermedia, og færre frå avis/nettaviser. Juryen skal ha møte 2. mai og prisen vert delt ut i Ørsta 8. juni, under Dei nynorske festspela.

I fjor var det journalistane Jens Kihl og Guri Kulås i Klassekampen som delte prisen på kr. 50.000, og i 2016 var det Jon Hustad i Dag og Tid som fekk han. Prisen har vore delt ut sidan 2006, då Linda Eide i NRK var den fyrste prisvinnaren.

Prisutdelinga i 2018 vert den fyrste for den nye juryen (bilete) med Solveig Barstad, TV 2, som leiar. Ho har med seg nettredaktør Inger Johanne Sæterbakk i Norges Bondelag, og professor Øystein A. Vangsnes ved Universitetet i Tromsø/Høgskulen på Vestlandet, Sogndal. Leiaren for NRK Nynorsk mediesenter, Magni Øvrebotten, er sekretær for juryen. Komande veke skal juryen ha eit telefonmøte for å bestemme seg for kor mange kandidatar som skal vere med i siste runde 2. mai.

Prisen er på 50.000 kroner, eit norsk kunstverk og eit diplom. Prisvinnaren får også eit diplom til skryteveggen til arbeidsplassen. Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar har vore delt ut i tolv år og det er fjorten prisvinnarar, fordi prisen har vore delt to gonger. Åtte menn og seks kvinner har fått prisen, åtte frå avisverda og seks frå etermedia.